29. desember 2010

Frå mørkeloftet #10

To nissar kjem fram frå mørkret kvar jul. Den eine nissen står oppe på pianoet og ser skummel ut, med bjørkeris i handa og morske augebryn. (Den raude nasen er ikkje så veldig skummel, skjønar ikkje heilt kvifor han ser slik ut.) På ryggen har han ein sekk med gåver til utdeling til dei som har vore snille.
Det er eigentleg ei saltbøsse, som de ser. Pappa fekk nissen av bestemor si, og han måtte kyssa nissen god natt kvar kveld. Sidan pappa er fødd i 1927, er nok nissen ganske gammal – over 100 år, meiner pappa.

Her er den andre nissen. Han er mamma sin og ser ikkje så veldig skummel ut.
Det er vel eigentleg ein lysetake, med plass til eit pittelite lys. Mamma fekk han til jul då ho var 4–5 år gammal, så dette er også ein gammal nisse.

Og dette er dei einaste nissane og så å seia den einaste nipsen som kjem fram kvar jul i barndomsheimen. Less is more!

27. desember 2010

Den vesle bjørnen og den vesle tigeren-kjeks!

Vi er over i romjula, så eigentleg burde eg ha blogga om dette funnet før jul, men betre seint enn aldri. Rett før jul var eg nemleg innom den nystarta og fantastisk fine kaféen/butikken Liebling, som ligg øvst i Markvegen i hovudstaden. (Eg trur ikkje kaféen har nokon nettstad, men det finst ei fangruppe på Facebook.) Kaféen er tyskinspirert både i matvegen og når det gjeld andre varer dei sel. Og då må dei sjølvsagt selja den vesle bjørnen og den vesle tigeren-effektar! Historiene om den vesle bjørnen og den vesle tigeren hugsar vel dei fleste som voks opp med barne-tv på 80-talet. Og bøkene som barne-tv var basert på, er den mest fantastiske barnelitteraturen eg veit om. Omsett frå tysk til nynorsk. I alle fall, på Liebling selde dei dette:

Fantastisk! Her kan ein altså stikka ut kjeks (og peparkaker, fann eg ut) med frosken, tigeranda, haren, den vesle tigeren og den vesle bjørnen! Tysken min er ganske rusten, men eg trur eg skulle greidd og laga kjeksene på baksida:

Ein kan også laga diverse variasjonar over oppskriftene, og dei kan ein klippa ut:
Noko så søtt! Smelt, altså.

Eg laga rett og slett peparkaker:
Dette er ganske små figurar, altså, så dei passar perfekt til små kjeks. Dersom du ikkje har den store Bibelen om den vesle bjørnen og den vesle tigeren, kan du kjøpa boka her. Passar perfekt for barn i alle aldrar.

14. desember 2010

Kattungen min

Tryggve oppfører seg stadig oftare som ein liten kattepuuus! Det er noko med faktene og oppførselen.
  • Han tykkjer det kan vera like interessant å krafsa på ein papirpose som tilfeldigvis ligg ved sidan av han, som å bita på ei rangle eg gir han. 
  • Når han er skikkeleg leiken (ofte i samband med at han er overtrøytt), blir han vill og rar, sprellar med kroppen og ler av alt (ja, kattar kan le). 
  • Han likar å bita hardt på fingrane våre (ingen hoggtenner enno, heldigvis). 
  • Det ser ut som om han vil gå til åtak på hendene mine når eg gjer tulleting med dei i lufta.
  • Han har supermjuke potar! (som heldigvis luktar betre enn hos kattepus).
  • Han likar garn.
  • Når han ligg på ryggen og er leiken, og eg heng over han, sparkar han hardt i frå med føtene mot låra mine (og klorar med tåneglane).
Men det er dette biletet som får meg aller mest til å tenkja på ein kattepus. Her ligg han trygt og godt i det varme hiet sitt og har etter vilter leik sovna på ryggen, med armane i vêret, og med klørne stikkande ut gjennom hôla i pleddet. Mjau!

11. desember 2010

Guttelus

... er ein nettbutikk som sel masse stilig stæsj for gutar. Der kan ein no laga seg ønskjeliste med alt ein ønskjer seg i butikken og dermed vinna delar av eller heile ønskjelista! Eg måtte sporenstreks laga meg ei ønskjeliste. Ein av dei tinga eg har skrive opp, er dette søte forkleet:
Ut frå appetitten på morsmjølk å døma, trur eg nemleg at Tryggve kjem til å bli glad i fast føde når den tid kjem. Og vonleg glad i å laga mat også. Og då treng han jo eit forkle! Les meir her om tevlinga, dersom du vil vera med.

7. desember 2010

Tips til miljøvenleg moro!

I år gjer eg noko heilt nytt når eg pakkar inn julegåver. Det er heilt genialt og veldig moro. Eg har masa meg til å pakka inn gåvene frå mannen i huset også, berre fordi det er så artig. For å oppleva den same moroa gjer du dette:

1. Ta ein bunke med blad (eller magasin, som det heiter på fint) som har samla seg opp over lang tid. Jo fleire reklamar i bladet, di betre. Det eignar seg ikkje så godt med seriøse blad som Mat og Helse og slikt. (Dersom du då ikkje vil dela ei god matoppskrift eller ein god artikkel, noko som jo faktisk er ein ganske god idé, når eg tenkjer meg om.) KK er heller ikkje heilt optimalt. Costume er ganske bra. (Eg anar ikkje kvifor eg har kjøpt det.) Men det aller beste er dersom du har Elle liggjande. Det er heilt perfekt! Eg fann utruleg mange useriøse sider i eit svensk Elle eg hadde liggjande.


2. Så kjem den artigaste delen: Vel deg ut ei julegåve du skal pakka inn og tenk på den som skal få gåva. Gå på jakt i blada etter innpakningspapir som du trur kan passa. Dersom du skal gje til ein unge, ikkje vel bilete av nakne lår, f.eks. Eg tykte særleg det var moro å føreslå totalt upassande innpakningspapir til gåvene eg skulle pakka inn frå mannen i huset. Enkle gleder.

3. Mange av reklamefotoa i useriøse blad er veldig fine. Det er lekre fargar, fint lys, skarpe detaljar og få element. Dessutan er bileta veldig retusjerte. Ergo: Julegåvepapir med nissar og englar kan ikkje slå denne vakre dama som eg kom over i kveld:
Ho ville eg ha utanpå gåva til mi gode venninne Inger. Det var ikkje humor som låg bak valet, eg tykte berre det var eit vakkert foto med fine fargar. Det ville vera direkte gale å ikkje gjenbruka denne dama.

4. Pakk inn gåva. Pass på at det du vil framheva på biletet, kjem tydeleg fram. Her kan det vera snakk om millimeterpresisjon! Veldig teit dersom andletet til den fine dama hadde blitt delt i to. Dersom du skal pakka inn i ei større gåve, teip saman to sider før du pakkar inn. Mange reklamar går over to sider, så det er ikkje noko problem. Det mest optimale er dersom gåva er hard, dvs. dersom du har lagt gåva i ei eske. Då kjem motivet betre til sin rett. Eg har pakka inn mange gåver no og er direkte overraska over korleis reklamesidene endrar seg og blir fantastisk flotte utanpå ei gåve.

Bruk gjerne hyssing til å ha rundt + miljøvennlege lappar. Eg likar best lappar utan tekst, slik at eg slepp å laga ein runding over a-en i "fra", og slik at eg kan ha på den pynten eg vil – i dette tilfellet eit hjarte, som friskar opp den alvorlege mina til dama, og som står fint til kåpa på baksida av gåva. Men eg likar også godt klistrelappar, for då slepp ein eigentleg å ha hyssing rundt. Eg brukar klistrelappar som eg får gratis i posten frå SOS Barnebyar og diverse andre organisasjonar. Det er berre tull å kjøpa lappar når ein får gratis i posten. Dessutan er dei veldig fine!

Eg hadde uansett tenkt å kasta blada. Og mottakaren av gåva kjem til å kasta papiret. Men likevel har eg forlenga levetida til søppelet. Eg har brukt det på nytt. Og det kjennest veldig godt ut! Og det beste av alt: Eg har nok blad til å pakka inn gåver i mange år framover. Ikkje berre julegåver, men alle andre gåver også.