31. mars 2006

Soga om det raude hårlokket

Den siste tida har eg ved fleire høve kome opp i ordskifte om korvidt eg har raudt hår eller ikkje. Eg har alltid sett, tenkt og sagt at eg har raudt hår. Biletet av meg frå seint 70-tal med eit enormt raudt hårlokk skulle jo vera prov nok. Ein gong vi hadde skuleavslutning på barneskulen og skulle spela stykket om alle dyra i Hakkebakkeskogen eller noko slikt, måtte eg til og med spela reven, som tørka ei tåre med halen då ein eller annan bamse hadde bursdag. Eg og reven hadde nemleg begge raudt hår!

I seinare tid, særleg etter at eg kom ut i arbeidslivet, har folk byrja protestera når eg omtalar meg sjølv som raudhåra. Dei seier at eg er BLOND! Då eg skulle fornya passet mitt måtte eg fylla ut hårfargen min i søknadsskjemaet, og eg skreiv "raudbrunt". "Brunt" føydde eg til pga den generelle skepsisen eg er blitt møtt med. Dama bak skranken rynka på nasen då ho las dette, og freista endra det til B L O N D T. Eg måtte protestera og freista peika på det raudlege skjeret i håret mitt, men ho var framleis skeptisk.

Eg måtte oppsøkja ekspertise. Eg gjekk til frisøren og spurte kva farge eg hadde på håret. Og ho sa gyldenblondt! Ho sa at eg ikkje hadde det ho ville kalla raudt hår. Så no freistar eg å innsjå realitetane. Eg har ikkje lenger raudt hår. Hårlokk har eg heller ikkje lenger - det har heller blitt fall i det (noko eg ikkje hadde snev av før). Gradvis, og utan at det har gått opp for meg før no, har eg blitt blondine med bølgjer i håret (men med GYLDENT skjer!).

To be continued...

19. mars 2006

Meg og iPoden min

Inspirert av mange andre, m.a Magnus, : dette er lista over 30 tilfeldige songar på iPoden min.

1. Crash Test Dummies: Peter Pumkin Head
2. Robyn: Do you know what it takes
3. Ashlee Simpson ft Missy Elliott: L.O.V.E
4. Juan Luis Guerra: Quisiera
5. Massive Attack ft Portishead: Unfinished symphaty (Paul Oakenfold remix)
6. Johnny Cash: Tear stained letter
7. Norah Jones: Don't miss you at all
8. The The: Another boy drowning
9. Tom Jones: Ain't no sunshine when she's gone
10. Åge Aleksandersen: Dainns me dæ
11. Cardigans: Higher
12. James Brown: I feel good
13. Massive Attack: Unfinished symphaty
14. A-ha: Take on me
15. Missy Elliott: Pass that dutch
16. Madonna: Like it or not
17. Gyllene Tider: Sommartider
18. Coldplay: Don't panic
19. Madonna: Push
20. Dr Alban: No coke
21. Jokke: Ta meg med
22. Cardigans: Hanging around
23. Supremes: Stop in the name of love
24. Pixies: Here comes your man
25. Modern Talking: C. C. Catch, Bad boys blue fancy (Remix 2001)
26. Ravi & Dj Løv: Dødssøt
27. Hopalong Knut: Jabbsaft
28. The Smiths: The boy with the torn in his side
29. The Smiths: Bigmouth strikes again
30. Black: Wonderful life

(Eg har aldri høyrt ferdig nr. 6, 7 eller 17)

For tida har eg skikkeleg hang up på den siste cden til Madonna, Missy Elliott og Modern Talking. Nokre saknar kanskje ei grunngjeving for hang up-en min på Modern Talking, og sidan eg likar å gjera folk til lags, så kjem grunngjevinga her. Saka er den at eg aldri rakk å kopiera Modern Talking-kassetten til Håvard i klassen over meg, der alle dei store hitane var å oppdriva (Cheri cheri lady, Brother Luie, You're my heart, you're my soul...) (Vi snakkar no om midten av 80-talet). Eg rakk dimed aldri å bli lei av alle hitane, noko som vanlegvis skjer etter ei stund. No tek eg igjen det tapte. Eg er heilt hekta, og det beste av alt er at gruppa har spela inn mange kule remixar som eg aldri har høyrt før. Det er skikkeleg dansbar musikk! Så eg står 100 % inne for hang up-en min:-)

6. mars 2006

Ut på tur


Onsdag: Ålesund
Torsdag: Trondheim
Fredag, laurdag, søndag, måndag...osb: Oslo

Målsetnad: reisa meir.
Motivasjon: fagre bilete frå bror i nord.