15. mai 2012

Kvardagen

–Å, neeeei! svara veslingen trist og rista på hovudet då eg lurte på kva som hadde skjedd.

14. mai 2012

Pippi og eg

Her er bror min og eg i 1983. Eg har nettopp vaska kleda til dokka mi (for hand i vasken på badet), og står og heng ut dei nyvaska kleda på klessnora (mi) i hagen. Eg hugsar den gode lukta av nyvaska klede og kjensla av å ta inn knusktørre, stive plagg. Kleda hadde eg og bror min gått med då vi var babyar, så dei var eigentleg litt for store for dokka. Og ho voks irriterande nok aldri inn i dei, heller. Men klesvask måtte til med jamne mellomrom. Dokka var jo med over alt og blei lortete, ho bæsja seg ut, osv.
Men eg likte ikkje berre å leika med dokker. Eg likte å klatra i tre, eg likte å ro, samla på bilnummer og sprengleidningar, eg likte å kle meg ut, byggja hytte, spionera, spela piano, laga radioprogram, sykla i full fart i nedoverbakkar ... Ja, eg likte rett og slett å halda på med det som barn likar å halda på med. Slik som Pippi Langstrømpe, som har vore, og framleis er, eit førebilete for alle barn, uavhengig av kjønn. Og slik kjenner eg meg på ein måte framleis. Eg likar ikkje berre å sy og strikka, for å seia det slik, sjølv om det er handarbeid eg skriv mest om her på bloggen. (No kjenner eg at eg fekk lyst til å skriva eit sint innlegg retta mot dei som kritiserer handarbeidande bloggedamer for å driva med det dei kallar husmorblogging, dvs. noko som berre er tull og tøys og antifeministisk og tilbake til 50-talet og slikt. Dette må eg tenkja på!)

Uansett, grunnen til at eg skriv dette, er at eg for nokre veker sidan las ein utruleg god artikkel i magasinet Fett som heiter Pippi Langstrømpe er en jente, jente! Skribenten Heidi Bøhagen skriv innsiktsfullt om omgrepet gutejente, og ho skriv ting som eg aldri har tenkt fullt ut, men som eg kjenner meg så utruleg godt igjen i. Det er ein lang artikkel til å vera på nett, men han er verkeleg verdt å lesa. LES HAN! Kjenner du deg att?

7. mai 2012

Ei åtvaring

Jif skurekrem med sitronlukt står på kjøkenbenken og briskar seg med veslebror i bakgrunnen. 


Og kven er denne veslebroren?
Jau, det er ein body lotion (eller whip body lotion, kva no det tyder) som luktar sweet lemon. Men ikkje la deg forføra av søte ord på etiketten! I alle fall ikkje dersom du ikkje ønskjer å bli assosiert med effektiv rengjøring selv på vanskelige flekker på kjøken og bad.

3. mai 2012

Sauen min

Vesle Bæ fyller snart 1 år og 10 md. Sidan han blei fødd, har håret fått gro. Eg har klipt luggen to gonger av praktiske årsaker. Håret ser ikkje langt ut når det krøllar seg, men når det er vått, rekk det eit stykke nedover ryggen ... Og håret er langt på toppen, men pinnkort på sidene, bortsett frå nokre lange fjoner som festar seg til omgjevnadene innimellom. Håret byrjar altså å bli litt upraktisk. Så kva gjer ein? Jau, bestiller frisørtime hjå den beste frisøren i verda. Eg er med andre ord ikkje redd for resultatet. 

Men når håret hans er nyvaska og krøllene legg seg så fint oppetter nakken, ja, då tenkjer eg kvar gong at eg bør avbestilla frisørtimen (som er midt i juni). Dei er jo så fine! BÆ! seier guten sjølv i ein kommentar. Eg tolkar det som eit ja ... Hm.


1. mai 2012

Vår i Botanisk hage

































Det er særleg fint å vera i Botanisk hage når det er sol og vår. Men alt i alt er Botanisk hage bra uansett årstid. Fordi det ligg midt i trafikken, men samstundes på ein annan planet. Sola skin sterkare, fuglane kvitrar høgare, graset er grønare, blomane er meir påtrengjande, og guten blir endå meir lortåt enn på utsida.

PS: Hurra for 1. mai! Guten hadde raudstrømpene på i høve dagen.