25. oktober 2009

Fiskefint

Det verdsomfemnande strikkesamfunnet Ravelry er eit mekka for strikke-entusiastar over heile verda. Alle kan leggja ut strikkeprosjekta sine, sjølvlaga oppskrifter, garntips, strikkepinnetips, ein kan diskutera i forum og ein kan vera med i ulike grupper (eg er med i bl.a. Nordic knitters, Addicted to knitting, Keen on green, Strikk til nøstebarn ...) og diskutera felles strikkegleder og -sorger:-) Og noko av det beste av alt: ein kan få tips om akkurat det strikkeprosjektet ein held på med. Nett no driv eg og strikkar denne kjolen til meg sjølv, og eg er ikkje den einaste i verda som strikkar akkurat den kjolen. Nei, det er 56 andre på Ravelry som har strikka og strikkar den same kjolen. Dei legg ut bilete, tips og triks, framlegg til anna garn og andre fargar, skriv kva dei tykkjer om mønsteret, osv. Det er berre GENIALT!

Og no, vettu, kom eg over dette fantastiske mønsteret, som eg sjølvsagt må testa ut! Fiskar! Så utruleg fint! Eg skal strikka vottar, tenkte eg, for det var også mogleg. Den utruleg flinke dama SpillyJane i Canada har laga utruleg mange kule mønster, og dette er berre eitt av mange. Sjekk ut endå fleire her.

10. oktober 2009

Rolighetsteorin

Då vi var i Stockholm i sommar, budde vi på Odenplan og tok denne rulletrappa fleire gongar om dagen. Det hadde vi nok ikkje gjort dersom trappa på filmen hadde vore der! Dette har eg veldig sansen for. Eg diggar slike påfunn! Gå inn på Rolighetsteorin.se for å lesa meir og sjå andre rolighetsprosjekt.

2. oktober 2009

På rammejakt



(Du bør klikka på bileta for å sjå dei i stort format)

Desse fotoa er frå 1980, og kven skulle tru det? Rett nok er det mogleg å sjå at bileta ikkje blei tekne i fjor, men eg er likevel imponert over fargeattgjevinga og biletkvaliteten, eller rettare sagt kvaliteten på negativa. Dei har halde seg så godt at skanninga går utan problem. Og kvadratisk biletformat er så fint! Eg skal gå i gang med å framkalla og henga opp foto frå fortida, og eg er spent på om eg finn rammer som passar perfekt til foto som desse (også svart-kvitt-foto), og som ikkje kostar skjorta. Og som eg ikkje treng å ta med til rammebutikk for å få ramma inn. Dersom nokon har tips til kvar ein kan få kjøpt enkle, gjerne svarte, smale rammer, som passar til kvadratiske foto, rop ut!