16. mars 2008

Søm & drøm

Mamma var ikkje inne då eg ringde heim i dag, så det var pappa som måtte lytta til alle syprosjekta mine, og som til slutt stilte det høvelege spørsmålet: Ska du bli sydam, kanskje? Ja, kanskje eg skal bli det? Eg skal tenkja på det. Natta etter sykurskvelden på torsdag drøymde eg så vanvittig mykje og komplisert om sying og mønster og tøystoff at eg vakna i ein slags lukkeleg bakrus. Så eg trur i alle fall eg må sy meir, slik at eg får eit litt meir realistisk forhold til det å sy.

Med nymontert arbeidspult/sybord på plass har eg i alle fall byrja innreia min del av arbeidsrommet (etter å ha budd her sidan juli ...), og det viktigaste er sjølvsagt plasseringa av alle stoffa mine. Eg blir så glad (og litt for optimistisk) av å sjå på dei. Dei skal hovudsakleg bli til kjolar og skjørt. Og kanskje blir det nokre dukar av stoffet som blir til overs. Stoffet som ligg øvst blir snart til ein kjole!!! (Framleis optimist)

11. mars 2008

Lettlurt


Eg har vore på leiting overalt etter arbeidspult sidan juli i fjor. Og i kveld, endeleg, den aller første utstillinga som møter meg på IKEA, er MI! Her blir det ikkje berre arbeidspult, nei, men både stol og hyller og skåp. For det var jo så fint SAMAN! Og eg treng fleire hyller, faktisk. Eg fall pladask. Og det måtte nok fleire ha gjort, for bordet var ikkje inne nett no, og stolen måtte vi henta på vareutleveringa. Ikkje var alle hyllelengdene inne, heller. Er ikkje berre eg som er lettlurt, nei. Flinke, smarte IKEA som innreier heimen min! (PS: Men eg kjøpte ei anna lampe - ei som likna)

9. mars 2008

Hurra for kvinnedagen!


... som var i går. Eg markerer dagen i dag òg. Biletet er frå ei lærebok som var i bruk på seint 70-tal/tidleg 80-tal. Det er faktisk ikkje SÅ lenge sidan! Det går heldigvis litt framover. I heimen vår er det mannen som står for tepperistinga.