31. oktober 2010

100 prosent tøybleiegut!

Då er vi endeleg fullstendig over på tøybleier til den vesle poden! Juhu! Vi byrja med papirbleier fordi det var så mykje anna å setja seg inn i då han blei fødd, men målet var heile tida å gå heilt over til tøybleier. Eg hadde ikkje kjøpt inn noko anna enn brettebleier før fødselen fordi eg ikkje visste om så mykje anna. Men gradvis har eg sett meg inn i kva som finst av tøybleier der ute i den store tøybleieverda. Eg har registrert meg på det fantastiske tøybleieforumet på Tøybleier.no, der ein kan dela erfaringar og spørja om råd og tips, eg har kjøpt brukte tøybleier på Finn.no, Tettinntil.no, og eg har hamstra heilt nye bleier på Bleieboden.no. Det finst til og med dei som har eigne tøybleiebloggar! Eg har vore mest inne på dei fine bloggane Tøybleiemamma to be? og Med tøy på stumpen. I det siste har eg faktisk byrja drøyma om tøybleier. Så ja, eg har blitt skikkeleg hekta!

Eg har kjøpt inn både lommebleier, alt-i-eitt-bleier og formsydde bleier og elskar å testa ut kva som fungerer best til natt og til dag, til tiss og bæsj, kva innlegg som passar i kva for bleier, kva som fungerer best av borrelås og knappar, osv. (Her står det ein informativ tekst om dei ulike bleietypane.) Eg diggar alle dei kule fargane og motiva som finst! Det kjem som ein artig bonus i tillegg til alle dei andre gode grunnane (blant andre økonomiske + miljømessige) til å bruka tøybleier framfor papirbleier.

Tøybleieguten er nøgd, så langt. Her ser vi den fine tøybleiestumpen i det bleiemerket som definitivt har dei kulaste mønstra, nemleg finske Muksut. (Men det er også nokre av dei dyraste bleiene). Dette er ei lommebleie som er fylt med bambusinnlegg (og truleg også litt bimmelimm og bommelomm).

Det blei mange lenkjer i dette innlegget, men eg kjenner meg forplikta til å spreia den gode tøybleiebodskapen til andre som kanskje lurar på om dei bør gå over til tøybleier. Det er umogleg å angra når ein først har gjort det!  

23. oktober 2010

22. oktober 2010

Strikkebommert

Då Tryggve blei fødd, byrja eg å strikka ein vest frå Nøstebarn-boka som eg tenkte kunne bli fin å bruka på julaftan. For eit par veker sidan blei eg omsider ferdig – ja, til og med bittesmå strikkeprosjekt tek tid når ein har ein liten baby i hus. Her viser veslingen fram vesten:

Eg har jo sett kor mykje den fine guten har vakse og innsåg fort at det ikkje kom til å bli nokon vest med loose fit. Eg har heile tida tenkt at ribbestrikken i vesten skulle gjera plagget tøyeleg. Men nei, vesten er alt for kort og han strammar alt for mykje til at det er behageleg å ha han på. Så dette blei ein strikkebommert, gitt! Eg innser at eg er nøydd til å strikka mykje større enn eg trur. Guten er kjempestor for alderen, og han blir berre større og større, reknar eg med, så her er det nok berre å strikka storleik STOR med ein gong.

Tryggve var raskt ute med å testa garnkvaliteten og verka eigentleg ganske nøgd:
Eg trur likevel vesten skal få ein ny eigar.

Det neste strikkeprosjektet er ein fantastisk fin genser til den same heldige eigaren som over, og denne genseren byrja eg på i vår ein gong. Eg håpar eg rekk å bli ferdig slik at han rekk å bruka han!

8. oktober 2010

Det store nøtteåret?

Eg er i Mjosundet denne veka. Det er så mykje nøtter her! Pappa har plukka nøtter kvar gong han har gått opp og ned frå sjøen. Det da vera nøtteår i år? Ein ting er i alle fall sikkert: ferske hasselnøtter er mykje betre enn dei ein kjøper i butikken! Nam, nam1