Eg har sådd karse for første gong i heile mitt liv! Det skal visst vera dritenkelt å få det til å spira. Det er berre å tømma vatn på tørkepapir og strø frøa oppå, og etter 10 dagar er det mogleg å hausta karsen. Kan sjølvsagt bruka potte og mold også, men eg tykte prosjekt vått tørkepapir verka mykje artigare.
Slik ser altså karse ut ferdig utvaksen. Her har eg sådd frøa, dvs. strødd dei utover det våte tørkepapiret. Dag 1: Eg må vatna masse. Frøa ser litt oppsvulma ut. Dag 2: I løpet av natta har det skjedd ting! Frøa har fått nokre merkelege kvite utvekstar. Og det luktar gras og rote papir.
Dag 4 (i dag): Sjekk da! Det har blitt grønt! I helga skal vi til
Jostedalen, så eg lurar på om vi må ta med karsen i bilen. Frøa treng jo vatning kvar dag. Og det er eit litt for stort ansvar til at eg tør å gje det vekk til naboane. Oppfølging kjem!
2 kommentarer:
God tur med karsen.. "ler".. :o)
Karsen blei levert til naboane. Han lever, men er litt tufs. Eg trur eg burde ha lagt våt bomull under frøa i staden for vått tørkepapir.
Legg inn en kommentar