MEN Jostedalen ligg laaangt inne, inst og langt unna storbyen. På nettstaden ligg det flust av idylliske naturbilete, særleg av ski, snø, isbrear og slikt, som dokumenterer det. Eg skal difor i staden visa nokre glimt av Jostedalen frå innsida, nærare bestemt av heimen til snille Marit og Even, som vi skal bu hos. Eg meiner slike bilete er minst like god Jostedalsreklame som det skispor er.
Ok, de får godta litt snø på dette biletet. Det er berre for å visa huset frå utsida. Huset har to etasjar og så mange rom at eg kjem ut av teljinga når eg prøver å hugsa kor mange det var. I Jostedalen er det mogleg å kjøpa smarte hus som dette for under 1 million NOK. Dette huset kosta 1 mill.!!!
Lat oss gå over til viktigare ting: interiøret. Her ser vi litt av stova (ei av dei). Legg særleg merke til det fænsy golvet. I Oslo kostar det flesk å leggja slikt golv, men i Jostedalen fekk dei så bra deal at dei ikkje ruinerte seg på det. Heile huset har slikt golv. Då har ein råd til designlampe!
... og ein får råd til å trekkja om gamle stolar. Legg merke til morgonsola (gratis) som kjem inn gjennom dei smart plasserte vindauga.
I Jostedalen bur det mange ungar! Her ser vi to av dei. Ungar i Jostedalen går ikkje berre på ski, dei ser på tv òg. Legg merke til endå fleire lekre stolar. Vi skimtar fjella utanfor, men det er ikkje det viktigaste her.
Ja, på bui kan ein kjøpa det same som på Meny på Oslo City. Og er det ikkje ei designlampe her òg, skal tru? Kyllingen i taket er eit prov på at dei har barnehagedekning.
Eg har diverre ingen bilete av badet, men det blei pussa opp for ein slikk og ingenting (100.000 NOK), sjølv om dei valde dei dyraste flisense som var å oppdriva på Vestlandet. Badet som dei pussa opp i kåken i Oslo (og som var mykje mindre enn jostedalsbadet), kosta det same, endå dei valde dei billegaste flisene.

... og slik kunne eg ha halde fram. Men eg reknar med at poenget er oppfatta. Eg avsluttar i staden med bilete av huset til naboane, nærare sagt huset til Rypa og Husbonden:
Dette huset er nytt, då. Og større. Men tomta var gratis. Og då har ein råd til to bilar! (Det stemmer det, Eli? Ikkje øydelegg poenget, plis ...)No skal eg bruka nokre nattlege timar på å pakka. Fotoapparatet blir med, kanskje kjem det fleire interiørtips over helga!
3 kommentarer:
Lampene er frå Ikea, og alle pengane me har spart på billege, skattebetalande handtverkarar har me brukt på sportsnett...
Det stemmer det, Ragnhild. Eg må elles seie at eg synest snøen på taket vårt er imponerande. Vel møtt i dalen!
Men de KUNNE hatt råd til designlamper, då, Marit:-)
Ja, det var nok snøen på taket som var motivet, Eli. Han var verkeleg imponerande!
Legg inn en kommentar