
– Søren, altså, denne Billy-hylla er alt for lita. Eg treng ei hylle til! Eg er trass alt ein ekte innekatt. Det er vel ikkje mogleg å skaffa meg ei hylle til
for ein ultrabilleg penge?

– Æsj, her er jo berre Dalegarn, jo. Kan ikkje nokon skaffa meg litt ekte,
godt gamaldags garn frå 70-talet?

– Å, alltid må du ta bilete av meg når eg står i ein eller annan teit posisjon og skjeglar med augo og ikkje har kjemma meg. Er det mogleg å gje meg ein
retrospegel slik at eg kan fiksa meg litt først?
Jaja, katten, du stiller fleire retoriske spørsmål her no, men vi kan jo svara likevel: svaret på alle problema dine er
dette! Og heldigvis for alle oss som
ikkje er innekatt ...

... men som kan springa ute i det fri, er det null problem å koma seg til Sømmelig. Nordahl Brunsgt. 13. Rett ved busstoppen til buss 37, som altså heiter Nordahl Brunsgt. No er det siste sjanse!
PS: Ja, mamma, eg veit at katten sit på kjøkkenbordet. Men han har sitjeunderlag i det minste. Dessutan har innekattar tørre og reine potar.
2 kommentarer:
Haha! Dette innlegget (og reklamen) stod til A+.
Ja, då må du gå på Sømmelig, då!:-) Du bur jo ikkje langt unna, heller.
Legg inn en kommentar