21. april 2009

Dream on

Det er dette du drøymer om, seier dei i Jostedalen (ja, eg bidreg med å spreia draumen om bygda blant anna ved å lenkja til nettstaden i alle blogginnlegga mine.) I går, då eg ganske så trøytt traska til jobb etter ei innhaldsrik og heilt fantastisk test- og festhelg i draumebygda, og eg kryssa Carl Johansgate og gjekk den faste ruta nedover Skippergata, lyste plutseleg ein heilt ny parole mot meg, like ved sidan av strippebula String:

Ja, nokon snakka til meg! Marit, er det du som har vore ute og "sendt meg eit postkort"?

2 kommentarer:

rypa sa...

Hahaha, eg ler meg i hel. Ein heilt ny parole, du!

Takk for sist!

ragnhilda sa...

Trur ikkje vi ville ha funne parolen på veggen til Edvins kolonial! (Retting: Edvin´s kolonial)