25. februar 2012

Kvardagen

Influensa, øyrebetenning, biholebetenning, lite svevn ... Ja, det er nokre av grunnane til at det har vore dårleg med blogging for tida. (Det er ikkje eg som har vore råka av alt dette, vi har alle tre vore sjuke, både samtidig og etter kvarandre ...) Eg har vore konstant trøytt og uopplagd. Medan veslingen har pila rundt mellom føtene mine. Og byrja seia nei. Neineineinei. Heile tida.
Det er først etter at eg sjølv blei mor at eg såvidt anar korleis det måtte ha vore den gongen eg var på alder med veslingen min. Her er eg ca. 1.5 og mamma er 44 (!) og høggravid. Eg tykkjer det kan vera utfordrande nok å ha éin aktiv krabat i huset. Men å ha to? Så tett? I følgje mamma var det ikkje noko problem. Korleis er det mogleg? Stiller vi større krav til kvardagen i våre dagar? Eller fortrengjer vi etter nokre år alle dei sjuke, slitsame dagane, der ein har snubla i leiker og matrestar, har ete middagsrestar til middag fleire dagar på rad, har lagt seg kl. 22.00 og stått opp kl. 05.30? Eg held ein knapp på at ein gløymer. For i dag var det nokon som hadde skrudd på sola! Vinter og sjuke dagar kjendest plutseleg langt unna der eg rusla med vårsko på bortover tørre fortau. Og eg gledde meg til å kjøpa vårsko til minstemann. Sjølv om det kom mange nei frå vogna. 

5 kommentarer:

Kine sa...

Her er det også mange nei fra vogne, eller "neh!" som han sier :)
Jeg har alltid beundret mamma for å være supermamma, alene mamma med fire barn på sju,fire,to og en bebbis. Det er ikke barebare!
Og da jeg selv skulle få nr to da nr en var 18 måneder tenkte jeg at dette kommer da aldri til å gå! Hvordan skal jeg få tid til en til? Men det ordnet seg! Og jeg er så stolt av meg selv når jeg tenker tilbake på det. At jeg klarte det! Jeg klarte å være supermamma for bebbisen og størstemann! Og nå som jeg har tre er jeg enda mere stolt, jeg klarer søren meg det også!
Jeg sier ikke at det har gått plettfritt, men vi har overlevd og guttene mine vokser opp til å bli kjempefine mennesker! :)

<3 Håper dere holder dere friske fremover! God vår :)

Fru Keilegavlen sa...

Så koseleg innlegg. Koseleg bilete av mor di og deg. Håpar de held dåke friske no i lang tid framover og at våren kjem for alvor. Ønskjer deg ei fin veke.

Rosa+epler sa...

Så flott innlegg! -trur også me gløymer, for denne søvnen og middagsrestane blir jo så lite i den store samanheng.

Men eg tenkjer framleis at mamma di var sporty,
med to tett i tett ;-)

Klem,
Elisabeth

Rangla sa...

Ja, det kan du spørje om! Mellom meg og syster mi er det det 20 mnd og mamma fødde meg med knekt bein (som ho brakk då ho måtte springe etter systera mi då ho stakk av frå bussen dei skulle inn på...). I tillegg var ho mykje åleine sidan pappaen vår jobba til sjøs. Skjønar verkeleg ikkje at det gjekk an! Fint bilete! :-)

Ragnhild sa...

Kine: Eg er mektig imponert! Det er utruleg kor mykje ein greier.

Fru Keilegavlen: Takk:-) Ja, vi er ganske friske no, heldigvis.

Elisabeth: Det er bra vi gløymer alt rotet og hugsar det fine:-)

Ragnhild: Det er som om eg skulle fått ein ny unge no (T er 20 md.). Pjuh!