Oppskrifta på kjekkasgenser er frå fine Pickles, og ligg her. Dette var eit langvarig strikkeprosjekt. Ikkje fordi det var så vanskeleg oppskrift, men fordi eg heile tida utsette det eg ikkje såg så lyst på, nemleg å montera ermene. Eg har alltid strikka gensrar med rundfelling eller raglanfelling, og det er så mykje meir praktisk enn å sy fast ermene. Eg fann ei oppskrift på nettet på korleis ein kunne sy i ermer på ein fin måte, men eg tykte ikkje det var så lett å få til. Eg måtte prøva fleire gonger før eg til slutt berre sa meg nøgd. Men kjekkasen klagar ikkje, og det er jo det viktigaste.
Eg digga å strikka med dette garnet! Det er supermjuk baby merino-ull, og i oppskrifta var det med dobbel tråd. Den melerte fargen er superfin, og kan bestillast frå Pickles her.
I juleferien strikka eg dette smetteskjerfet, og det var eit veldig enkelt og fint prosjekt som det gjekk raskt å strikka. Eg likte godt den fine heklekanten rundt. Oppskrifta er frå Drops garnstudio, og ligg her. Eg brukte Pickles-garn her også, nemleg Pickles pure alpaca i fargen Nordsjøen. Supermjukt garn!
No har eg lyst til å strikka ein genser/topp til meg sjølv snart. Men det blir garantert ei oppskrift utan påsying av ermer!
5 kommentarer:
å så fin Ragnhild!!! Virkelig en fin genser, i en super farge på en riktig kjekkas :)
SÅ flott genser i oransj-melert garn!! Montering tar tid noen ganger;-) Jeg har også en umontert kjekkasgenser liggende kommer jeg på nå...
Stilig type i superlekker farge
Nydeleg kjekkas, kjekkasgensar og smetteskjerf!!
Takk og takk, fine de!:-)
Legg inn en kommentar