Tryggve oppfører seg stadig oftare som ein liten kattepuuus! Det er noko med faktene og oppførselen.
- Han tykkjer det kan vera like interessant å krafsa på ein papirpose som tilfeldigvis ligg ved sidan av han, som å bita på ei rangle eg gir han.
- Når han er skikkeleg leiken (ofte i samband med at han er overtrøytt), blir han vill og rar, sprellar med kroppen og ler av alt (ja, kattar kan le).
- Han likar å bita hardt på fingrane våre (ingen hoggtenner enno, heldigvis).
- Det ser ut som om han vil gå til åtak på hendene mine når eg gjer tulleting med dei i lufta.
- Han har supermjuke potar! (som heldigvis luktar betre enn hos kattepus).
- Når han ligg på ryggen og er leiken, og eg heng over han, sparkar han hardt i frå med føtene mot låra mine (og klorar med tåneglane).
Men det er dette biletet som får meg aller mest til å tenkja på ein kattepus. Her ligg han trygt og godt i det varme hiet sitt og har etter vilter leik sovna på ryggen, med armane i vêret, og med klørne stikkande ut gjennom hôla i pleddet. Mjau!
5 kommentarer:
Søt, søt, søt!
Eg trur du er på sporet etter noko universelt. Tør eg gjera framlegg om at du kan laga fjernsynsserien "Kattevask"?
Så søt :) Hyggelig å høre om gutten din - å ja alt du sier minner om katten min Leia.
PS! Hyggelig at du har med bloggen min i din liste men ser at du ikke får mine oppdateringer. hvis du vil det så er det best at du legger inn adressen min sånn: http://imwithleia.com/blog/feed/
Ha en hyggelig jul :)
Herleg!! Så søt!! Ønskjer deg ei fin adventshelg.
Ha-ha, bra framlegg, Tarjei! Og takk for søte kommentarar.
Legg inn en kommentar