14. desember 2010

Kattungen min

Tryggve oppfører seg stadig oftare som ein liten kattepuuus! Det er noko med faktene og oppførselen.
  • Han tykkjer det kan vera like interessant å krafsa på ein papirpose som tilfeldigvis ligg ved sidan av han, som å bita på ei rangle eg gir han. 
  • Når han er skikkeleg leiken (ofte i samband med at han er overtrøytt), blir han vill og rar, sprellar med kroppen og ler av alt (ja, kattar kan le). 
  • Han likar å bita hardt på fingrane våre (ingen hoggtenner enno, heldigvis). 
  • Det ser ut som om han vil gå til åtak på hendene mine når eg gjer tulleting med dei i lufta.
  • Han har supermjuke potar! (som heldigvis luktar betre enn hos kattepus).
  • Han likar garn.
  • Når han ligg på ryggen og er leiken, og eg heng over han, sparkar han hardt i frå med føtene mot låra mine (og klorar med tåneglane).
Men det er dette biletet som får meg aller mest til å tenkja på ein kattepus. Her ligg han trygt og godt i det varme hiet sitt og har etter vilter leik sovna på ryggen, med armane i vêret, og med klørne stikkande ut gjennom hôla i pleddet. Mjau!

5 kommentarer:

Strikk og tøys sa...

Søt, søt, søt!

Tarjei Vågstøl sa...

Eg trur du er på sporet etter noko universelt. Tør eg gjera framlegg om at du kan laga fjernsynsserien "Kattevask"?

Heidi sa...

Så søt :) Hyggelig å høre om gutten din - å ja alt du sier minner om katten min Leia.

PS! Hyggelig at du har med bloggen min i din liste men ser at du ikke får mine oppdateringer. hvis du vil det så er det best at du legger inn adressen min sånn: http://imwithleia.com/blog/feed/

Ha en hyggelig jul :)

Torunn sa...

Herleg!! Så søt!! Ønskjer deg ei fin adventshelg.

Ragnhild sa...

Ha-ha, bra framlegg, Tarjei! Og takk for søte kommentarar.