25. juni 2010

Mannfolkstrikk

Eg har mista litt bloggelyst den siste tida. Har gått ut i svangerskapsperimsjon og trudde jo liksom at eg skulle få kjempegod tid til å blogga. Men alt går liksom litt treigare, både fysisk og mentalt, så det har ikkje blitt noko av. Eg har både heimestrikka bleiebukser og heimesydd mammakjole å visa fram, men det får venta. No vil eg i staden visa fram det som den komande faren har halde på med på strikkefronten dei siste åtte månadene. 

Tadaaa:
 
Han har strikka eit kjempestort og kjempefint babyteppe!!! Oppskrifta er sjølvsagt frå Strikk til nøstebarn.

Han har ikkje strikka sidan han gjekk på barneskulen, så eg er ganske imponert. Dette er absolutt godkjent! Fargen er limegrøn, og med det mørkegrøne garnet skal eg hekla ein kant rundt teppet. Eg gler meg til å pakka inn den vesle guten i dette!

Og medan vi er inne på limegrønt: Eg er visst inne ein limegrøn/grøn periode no når ting skal kjøpast inn i samband med fødselen. Kjøpte grønt helseteppe også her om dagen:


Og sist, men ikkje minst, limegrøne crocs til sjukehusopphaldet:

Grønt skal jo vera ein avslappande farge, så vi satsar på at dei grøne omgjevnadene kjem til å ha ein heldig effekt på den vesle. Neste gong eg bloggar, er han kanskje her!

9 kommentarer:

Kort og Søm sa...

Ja, det får en si..en pappa som strikker teppe...*smiler*..slettes ikke værst!!
Ha en fin dag :O)

kjersti70 sa...

Masse lykke til med fødsel og det heile!

Stine Marie sa...

Så spennende med baby på vei, masse lykke til!! Det er veldig veldig koselig å bli mamma;) Jeg må si jeg ble imponert av at pappan i huset strikket baby-teppe, sånnt liker vi!!:D

Strikk og tøys sa...

Imponert! Hjemmestrikk er ekstra koselig, og når det da både er mammastrikk og pappastrikk kan det vel ikke bli bedre? :-)

Lykke til i "innspurten"!

Mette sa...

Tvi tvi i innspurten.

Rangla sa...

Oj, tenk å pakke babyen inn eit teppe som pappaen har strikka! Det er det nok ikkje mange babyar som blir! :-) Såg veldig fint ut! Lukke til vidare!

Ragnhild sa...

Takk for lukkeønskje! Ja, den komande faren er ikkje så lite stolt over det han har laga. Og han scora mange poeng hos svigermor;-)

wine-fueled narcissism sa...

Å, jeg skulle ønske at jeg kunne strikke babyteppe til mitt fremtidige barn.. kanskje grunn nok til å lære seg det en gang for alle? ;)

Ragnhild sa...

Det er veldig enkelt å strikka teppe - faktisk det enklaste du kan strikka. Så det trur eg du greier finfint!