Når ein har fått denne utmerkinga, må ein skriva sju fakta om seg sjølv og senda utmerkinga vidare til sju andre fine bloggar. Så no skal eg gjera det før eg gløymer det.
Sju fakta om meg sjølv:
1. Eg er hekta på grapefrukt og grapefruktjus og må ha daglege påfyll av anten frukta eller jusen. Kaffi er eg også avhengig av, men eg er særs kresen og føretrekkjer kaffi laga av ferskbrende bønner.
2. Eg er ganske god til å hoppa stille lengde.
3. Eg er oppvaksen på ei lita øy på nordmørskysten og er der på ferie 2–3 gongar i året.
4. Eg blir mamma for første gong i løpet av nokre dagar!
5. Eg har vore aktiv i Norsk Målungdom og Changemaker.
6. Eg er så å seia altetande når det gjeld musikk, men den aller største favoritten er The The.
7. Eg elskar både å sjå på og å spela tennis.
(Fakta nr. 8: Eg hadde knallraudt hår som lita og har merkeleg nok berre blitt blondare og blondare med åra.)
Eg sender utmerkinga vidare til desse fine bloggane:
Smileull
5 kommentarer:
Tusen tack snälla du för nomineringen!
//Lina
Oppdaga bloggen din i dag!
-den er lagt til favorittar.
Lukka til med snart mamma!
-eg blei sjølv mamma for 6 veker sidan.
E.
Heisann! Så koselig at du tenkte på meg da du skulle gi awarden videre :)Jeg er så sjarmert av det lille røde huset og den fine bilen på logoen din! Dessuten falt jeg pladask for den søte hjemmestrikkede buksa til han som ligger i magen. Herlig fasong på den :)Ha ei fin uke! Beste hilsener fra Kardemomme :))
Fra kontorfronten er svak for smiger og tar fatt på utfordringen til høsten (slik det heter på ordentlig byråkratspråk).
Hei Ragnhild, det var snilt! Eg likar bloggen din òg, veldig godt! Men det der bomullshelseteppet får du aldri bruk for.
Legg inn en kommentar