29. juni 2010

Melding av eit bladomslag

Eg har lenge hatt lyst til å skriva meldingar av bladomslag. Det er nemleg så mange festlege omslag der ute! Dei festlegaste favorittane så langt har vore nokre av omslaga til blekka "I skolen", som er medlemsbladet til Skolenes landsforbund (som mannen i huset får) og "Cøliakibladet", medlemsbladet til Norsk cøliakiforening (som eg får). For å kvalifisera som festleg favoritt er biletvalet alfa og omega, gjerne i kombinasjon med tekst. 

Her om dagen dukka det opp ein soleklar omslagsfavoritt så langt, og eg tenkte at dette omslaget fortener merksemd! Så her kjem den første omslagsmeldinga på bloggen min.

Eg er veldig glad i reker og trudde først det var reke-reklame frå ICA som hadde dumpa ned i postkassa vår:

No har jo eg berre teke bilete av omslaget, som igjen er ei attgjeving av det opphavlege biletet, så eg må berre aller først skunda meg og presisera at det truleg er fleire ledd her som gjer at attgjevinga mi aldri kan yta rettferd til rekene. Men uansett: Omslagsbiletet viser reker i autentisk rekestorleik, og sidan det ikkje har blitt spart på blitzen, er det mogleg å sjå alle detaljane til rekekroppane klårt og tydeleg. Den kraftige blitzen gjer at det ikkje er tvil om kva det er bilete av – veldig bra!

Etter å ha stira ei stund på rekene las eg tittelen på blekka og forstod sjølvsagt at dette ikkje hadde noko med ICA å gjera. Det første spørsmålet som melde seg, var kvifor nærbilete av reker i sterkt blitzlys hadde fått ein så dominerande plass på omslaget til Oppsal menighetsblad. Blikket glei ned mot dei tre sakene som hadde fått plass på framsida – toppsakene. Og toppsakene denne månaden var altså "Reker på medarbeiderfesten", "Konfirmanter på tur" og "Ny diakon på plass".

Eg merka at eg ikkje var så veldig interessert i å lesa om desse konfirmantane og den nye diakonen. Eg bladde ivrig opp på jakt etter reportasjen frå rekefesten. Heilt til siste side måtte eg bla. Endeleg! Her blir eg møtt med det same rekebiletet som på framsida, berre i litt mindre format. Reportasjen har fått overskrifta "Medarbeiderfesten. Med reker og sang". Her er også bilete av eit fruktfat fruktbord, bilete av folk som et reker og bilete av ei som signerer cdar. I reportasjen kan vi lesa at staben hadde gjort i stand pynta bord "hvor det ble servert flere titalls kilo reker, loff og majones." Men fruktbordet blir også omtalt: "Til sist må en også nevne det imponerende fruktbordet, som selvfølgelig inneholdt en langt ifra liten skål med godteri." Fruktbiletet har fått biletteksten "Stabens velorganiserte fruktbord".

Konklusjon: Dette omslaget er definitivt ein festleg favoritt! Rekebiletet var eit blikkfang som fekk meg til å tråla gjennom heile blekka på jakt etter rekereportasjen. Eg veit ikkje kor klokt det var å plassera reportasjen heilt til slutt i blekka. Det kjem litt an på kva dei som har laga blekka, ønskte å fokusera på. Plasseringa av reportasjon heilt til slutt fekk meg jo til å bla gjennom heile blekka og smålesa dei mindre viktige sakene om konfirmantane og diakonen. På den andre sida er trass alt rekene på medarbeidarfesten hovudoppslaget, og då bør kanskje ikkje saka koma heilt til slutt i blekka? Då kan det vera fort gjort å gløyma kva som eigentleg var viktig i dette nummeret. Men det kjem altså an på kva som var målet til dei som har laga blekka. Uansett gjorde rekebiletet at eg opna blekka. Og det er jo eit pluss.

Kort oppsummert er altså valet av omslagsbilete (og tekst) eit blinkskot. Biletet av fruktbordet kunne ikkje ha spelt den same rolla, så her har dei gjort ein veldig god jobb med biletutvalet. Det er heilt greitt å nemna fruktbordet, sjølvsagt, slik at vi skjønar at det ikkje berre var reker som blei fortært på den årlege medarbeidarfesten. Blekka får eit stort pluss for at det står i reportasjen at det blei servert fleire titals kilo med reker – det rettferdiggjer på ein måte alt.

3 kommentarer:

Midtbo sa...

Hehehe. Fantastisk! Vi vil ha flere anmeldelser!

wine-fueled narcissism sa...

Reker i blitzlys... hahahahaha! :D

Ragnhild sa...

Det kjem nok fleire meldingar så lenge det finst eit solid empirisk materiale å henta inspirasjon frå:-)