16. mai 2010

Nytt frå hus og "hage"

Når det gjeld interiør (oppussing og alt i den dur) og fargerike vokstrar som vi skal prøva å få til å leva på verandaen, skårar vi ikkje særleg høgt, mannen og eg. Den siste tida har vi skjerpa oss veldig. Kanskje fordi vi skal bli tre her i huset. Plutseleg byrja vi å gjera noko av det vi hadde snakka om i tre år, dvs. sidan vi flytta inn. Det fortener å bli blogga om.

Først kjøpte vi ein tomatplante og sådde diverse krydderplantar. Krydderplantane veks som berre det. Og i dag såg eg den første tomaten! Juhu! Planten har altså ikkje daua!

Vi kjøpte også inn fleire blomar enn normalt til å ha på verandaen. Til og med eit lite bord til å ha dei på. Den lysegrøne blomen er lavendel, som eg kjøpte fordi det stod på lappen at "research has shown that it has a soothing effect on people." Det må vi jo testa ut.
Blomster-Finn sa på radioen her om dagen at den nye trenden i år er å ha knæsje fargar i hagen, så vi føler vi er på den sikre sida når vi går for gult.

Når det gjeld verandakassene, planta eg i dag ut pelargoniar. Sist sommar fann vi ut at pelargoniar aldri døyr, så det er ein plante som passar oss perfekt.

Og så er vi framme med det mest revolusjonerande som har skjedd i heimen.
Vi har olja verandagolvet! Det skjedde sjølvsagt ikkje utan assistanse frå svigers. (Eg gjorde ikkje noko.) Det blei støvsuga, skura, vaska og olja to lag. Gurimalla, så dig! Skulle hatt eit før- og etter-bilete, men det har eg ikkje.

Det andre revolusjonerande som har skjedd (og det gjorde vi heilt på eiga hand), var å måla gangen. Det har vi snakka om sidan oktober 2007. Den einaste grunnen til at vi bestemte oss for å måla, var pga. handverkarane som gjorde ein liten måle-fadese då dei dei pussa opp badet. I tre år har vi difor levd med mystiske målingsflekkar på veggene. Men no er flekkane borte!
Fargen var lyselyselimesjøgrøn og er litt vanskeleg å fanga på bilete, men her ser vi korleis han passa perfekt til det fine turkise kunstverket vi har på den eine veggen. (Kunstnaren er Maria, og eg vil tilrå alle å kjøpa kunst frå henne!) Etter dei første målingsstroka fekk vi heilt sjokk fordi fargen såg så vanvittig 80-tals ut, men etter to strok tykte vi det blei bra.

Eg har lese på divserse interiørbloggar om dei som heller målar vegger og tak kvar vår i staden for å vaska, og eg kan berre ikkje fatta at dei får det til! Vi kjem i alle fall ikkje til å måla noko meir, sjølv om det var litt moro.
Fargen på veggen i front er slik alle veggene såg ut før vi måla. Denne veggen har vi no byrja fantasera om å tapetsera. Vi tenkte eigentleg berre å ha han slik som på biletet, men oppussing gav meirsmak (høhø), så vi kan ikkje stoppa når vi først er i gang. 

Av målinga som blei til overs, forvandla eg verdas eklaste oransje krakk til å bli grøn og fin. Dvs. han er ein mykje brukt og høgt elska krakk her i huset, men han var måla utruleg stygt og sarvete. Eg har drassa han med meg frå hybel til hybel som student, heilt sidan våren 2000, og eg anar ikkje kvar han han kjem frå.

Men dette får vera nok interiørprat for ei stund. Det blir garantert lenge til neste gong!

3 kommentarer:

Torunn sa...

Så flott!!! Kjekt med litt nytt. Her er det og planta mykje blomar i det siste. Det er så kjekt når det er fargar og flott. Gratulera med dagen! Håpar du har hatt ei fin 17.mai feiring.

Rangla sa...

Hmm... La nett inn ein kommentar, men den vistes ikkje, så berre å orsake om den no kjem to gonger. Uansett, stilig farge på veggen! Har du forresten satt ut tomatplanten din eller har du den framleis inne? Ser at eg også må ta meg ein tur på plantasjen snart! :-) Ha ein fin dag!

Ragnhild sa...

Ja, eg hadde ei flott 17. mai-feiring, Torunn! Og særleg kjekt var det å ha blomar på verandaen til den store dagen:-)

Nei, tomatplanten har stått inne sidan eg kjøpte han i slutten av april. Han har fått mykje vatn kvar dag, og han står i vindaugskarmen der ettermiddagssola kjem inn. Skal setja han ut på verandaen no når det er meldt så varmt og godt. Men det er jo viktig at han får massse sol, så det gjeld å passa på! Fin dag til deg òg!