10. mai 2010

Frå mørkeloftet #8

Lukka er å vinna ei dokke og ein heil garderobe full av heimesydde og heimestrikka dokkeklede! Lat meg presentera Anne:
Eg vann Anne på basar då eg var lita. Og ho heiter Anne fordi det var tanta mi Anne som trekte vinnarloddet. Eg har alltid hatt vinnarlukke på basar, men denne premien var nok den gjevaste eg vann nokon gong. Eg fann henne på mørkeloftet heime i påska, og eg veit at det var fleire klede i garderoben enn det eg kan presentera her. Eg hugsar at det var med ein sovepose også, og det manglar eit bunadsskjørt. Men dette er i alle fall ein liten smakebit. Og ikkje minst er det eit godt prov på at basarpremiane før i tida var mykje meir forseggjorde enn i dag. Takk til Lise som strikka og Gerd som sydde!


4 kommentarer:

Mette sa...

Dritlekre klede. 10-åringen i meg er ganske så missunneleg kjenner eg.

Rangla sa...

Så mange fine dokkeklede! Kjekt å finne att gamle, fine barneleikar på mørkreloftet!
Var koseleg å helse på deg på Sagene i går!
Ha ein fortsatt fin onsdag!

Feline sa...

Artig med gamle leker, særlig når de er så godt tatt vare på. Virkelig forseggjorte klær.

Takk for titten :)

Ha en god 17 mai!

Stine Marie sa...

søte:) En liten surprise venter deg på min blog i dag;)