21. mai 2009

Fine og miljøvennlege fargar

Nei, øko- og gjenbruks-varer er ikkje alltid gråe, beige, kvite, formlause og triste. Her er ein collage av diverse miljøvennlege produkt eg fann på nettet:
Den runde lampa nedst til venstre er berre genial. Ho er laga av ulike fargerike plastikk-ting (nokre vil kanskje kalla det søppel) som kunstnaren Stuart Haygarth har funne. Fantastisk bruk av gjenbruk! Her kan du lesa meir om lampa og kunstnaren. Og andre ting han lagar av det folk kastar.

3 kommentarer:

Fivrel sa...

Så sant, så sant! Og så mykje FLOTT du har samla her - eg fekk mest lyst på den grøne t-skjorta :-)

Elles har du nokre FANTASTISKE bilete på dei førre innlegga - strikkemoten er verkeleg MOTE på sitt beste, som i "er veldig aktuelt i ein stutt periode, og veldig uaktuelt i alle andre periodar". No er den aktuelle uaktuelle perioden her att, sidan du har vore så flink å grave fram ein del perler frå arkivet :-)

Strikk, Ragnhild, strikk - folk vil snu seg på gata (iallefall eg) når du kjem klakkande nedover på høge hælar, tights og ein av desse store, pastellfarga, lodne kreasjonane :-) Lukke til!

(Ps eigedomssaka er framleis under arbeid... oppdatering kjem etterkvart ds)

Ragnhild sa...

Eg har ikkje store planar om å strikka den rosa kreasjonen:-D Men han kan jo fungera som inspirasjon. Hehe.

Eg heiar på nynorsken i eigedomssaka!

Og her kan du kjøpa den grøne trøya:
http://oldnavy.gap.com/browse/product.do?pid=633232032&tid=ONAF86&ap=2&siteID=2687457

Kort og Søm sa...

Den lampen var slett ikke så dum.. :o)