26. mai 2009

Vekas kulturminne

Dette biletet blei teke 22. mai 1988, altså ganske nøyaktig for 21 år sidan. Det er ikkje til å tru! Eg var 12.5 år og gjekk i favorittantrekket mitt, som eg gjekk i heile tida ein periode. Lat oss analysera det vi ser på dette kulturminnesmerket:
  • Den stripete genseren var Levi´s (som eg enno ikkje hadde fått eit forhold til), og eg arva han frå eit søskenbarn.
  • Den gulblomstrete tightsen var eg berre SÅ glad i. Kjøpte han på ein ferietur, trur eg. Han blei heilt tynnliten til slutt og blei stadig mindre gul.
  • Den merkelege vesten fann eg i klesskåpet til mamma, og eg trur eigentleg han var lysegrøn, men at han var heilt utvaska.
  • Eg har kvite seglarsko, som eg måla over flekkvis med rosa måling i same slengen som vi måla eit klasserom rosa (barnearbeid).
  • Håret: ja, det var raudt, og eg har fletta det i våt tilstand og sove med flettene, slik at eg fekk gratis permanent. (Og eg dreiv og sparte til langt hår – eit uendeleg prosjekt.)
  • Sigmund har tradisjonell gute-outfit frå 80-talet: sporty jakke, joggebukse og joggesko. Han sydde joggebuksa i forminga (ja, namnet hans står på låret), og han står tradisjonen tru med capsen i handa fordi pappa bad han om å ta han vekk under bilettakinga for å hindra skugge i andletet.
  • Biletet er teke på den vesle øya Kuli (trur eg) på nordmørskysten, med flate Smøla i bakgrunnen – enno fri for vindmøller, men ikkje fri for vind. (Eg veit ikkje om eg skal vera for eller mot vindmøller, det er eit heftig ordskifte som eg ikkje har teke stilling til enno.) Som vi ser, dreiv dei og bygde bruer den gongen, og eg trur det er frå brusambandet som knytte Edøya og Kuli til Smøla. (Brusambandet blei opna i 1989.)

2 kommentarer:

Kort og Søm sa...

Oj,oj,oj..for en fantastisk tights.."smiler"
Fredrikke :o)

ragnhilda sa...

Hehehe, ja, fantastisk er ordet!