Her kjem biverknad #1 i denne serien:
For fleire år sidan tok eg eit sosialantropologisk studium på fritida. Det gjekk ut på å sjekka opp menn gjennom eit nettsjekkesamfunn (som ikkje finst lenger). I dette nettsjekkesamfunnet hadde alle brukarane ein profil (som på Facebook), og det var valfritt kor mykje informasjon ein ville leggja ut om seg sjølv når det galdt interesser, jobb, kor mange kjønn ein likte, bakgrunn og slikt. Eg brukte godt tid på å tenkja ut kva som var glupast å skriva for å få den rette mannen på kroken. Eg valde orda mine med omhu. Eg hugsar eg skreiv at eg var glad i eple (= sunn livsstil, ergo: eg vil ha deg, sunne mann).
Men eg kunne eigentleg ha skrive kva som helst. Eg blei nemleg overøst av meldingar frå gifteklare menn som blei sjarmerte i senk av ... at eg skreiv på nynorsk! Dei skreiv det rett ut at dei blei fullstendig sjarmerte, at eg skilde meg ut, osv. Eg gjekk på kafé med nokre av desse mannfolka (feltarbeid), og då blei dei sjølvsagt sjarmerte av dialekten min. Veldig mange fall for ordet brok, hugsar eg. Ja, eg kunne faktisk både seia og skriva kva som helst. Dei fall pladask, alle som ein. Dette var ei stor overrasking for meg. Eg hadde aldri trudd at språket og dialekten min skulle ha ein slik magisk effekt! Til slutt blei studiet så omfattande at eg gradvis måtte snevra inn feltarbeidet. Og det enda opp med at eg faktisk sletta profilen min (og så møtte eg jo Knut, då, som sjarmerte meg ved å skriva nynorsk, haha).
Kva konklusjon kan vi dra av dette? Eg seier ikkje at det å skriva nynorsk automatisk fører til hell i kjærleik, men studiet mitt viser i alle fall at det er optimale sjansar for å få menn (eg har ikkje utført studiet på kvinner) på kroken dersom ein skriv nynorsk (og sjansane aukar endå meir dersom ein har ein dialekt som er mest mogleg uforståeleg for austlendingar). Og eg trefte fleire smarte karar, sjølv om eg måtte sletta profilen min til slutt. For å oppsummera blir konklusjonen på studiet altså at nynorsk + dialekt = garantert mann på kroken. Eller rettare sagt:

6 kommentarer:
Hæ? Er dette sant? Altså, sjølv vert eg sjarmert av konsekvens i morfologien, men...
:o)
Tru det eller ei, rypa, men alt er sant!
Eg kan bekrefte at eg har fått tilsvarande tilbakemeldingar om at nynorsk i alle fall dreg i positiv lei av kvinner eg har møtt gjennom nettsjekkestader, ja :)
Kona, som eg møtte på Spraydate i si tid, hevder i alle fall at ho blei sjarmert av at eg skreiv nynorsk :)
/Ola
Det er bra at du kan stadfesta at dette stemmer, Ola! Og giftarmål, til og med!!! (Det var Spraydate eg var på òg, forresten:-))
Eg likte at du kamuflerte mannebehovet ditt under ord som "sosialantropologisk studium" og "feltarbeid", Ragnhild.
Legg inn en kommentar