7. mars 2009

Laurdagsfrukost

Endeleg tid til laaang frukost! Nærare sagt havregrynsgraut med eplebitar, akasiehonning, valnøtter og kanel. Bør etast saman med alle avisene ein ikkje har rokke å lesa i løpet av veka og med P2 på radioen. Når skåla er tom, er det prikken over i-en å laga ein god kopp kaffi eller te. I dag blei det ein stor kopp jasminte som både luktar og smakar blomar. Så då kan snøen berre lava ned.

2 kommentarer:

Fivrel sa...

Mmmm! Dette høyrdest, og ikkje minst SÅG kjempegodt ut! For meg er havregraut meir "i-farta-mat" på kvardagar, då ein slik frukost varer mykje lengre enn dei maks to skivene eg greier stappe i meg tidleg om morgonen. Og så er det godt med varm mat når det er kaldt ute. Eg kokar grauten på store gryn og vatn, med ei skei maltekstrakt i, og ein handfull rosiner. Viktig! Rosinene må koke med, eg elskar nemleg saftige, dvaske rosiner :-)

Elles er tidleg laurdag skræmande lik hjå deg og meg - lang frukost, aviser, P2 (eller P1 når eg er hjå kjærasten, han er uforanderleg P1-lyttar (og ja, som meg, 70 år på fleire måtar enn berre dette ;-) etter ein hjernevaska barndom der P1 allstøtt stod på på kjøkenet. Eg har no skjønt kor enkelt det er å hjernevaske born, og har tenkt på å lime fast skruknotten på radioen (hatar digitale trykkeradioar) på rett kanal dersom me ei gong får born). Og så stort glas jus og stor kopp te. Støtt te. Grøn, svart, kvit, gjæra, wu long, urter, ugras, krydder - men støtt te. God helg!

ragnhilda sa...

Det med rosinene var eit godt tips! Eg tykkjer også at dvaske rosiner er godt:-) Elles er det store gryn og ei blanding av vatn og mjølk det går i her.

Og når det gjeld te: eg har omsider kjøpt te på det der tepalasset på Majorstua, vettu. The de Palais eller noko slikt. Slurp! Men te av ugras?? Det høyrdest jo spanande ut:-)