11. oktober 2008

Snadder

I kjøleskåpet står det fem syltetyglas med heimelaga eplemos frå Mjosundet. Mamma har garantert at innhaldet er økologisk og har skrive utanpå kvart glas kor mykje (dvs. lite) sukker ho har tilsett. Dagens kveldsmat: knekkebrød med eit tjukt lag med cottage cheese (eller hytteost, som det truleg burde heita) nedst og eit minst like tjukt lag med eplemos på toppen. Det spørs kor lenge glasa får stå der fulle.

5 kommentarer:

Anonymous sa...

Det skal vera sikkert. Dei glasa får nok ikkje stå der so lenge fulle :)

Knut eplemoms

Britt sa...

Her i Danmark heiter det faktisk hytteost! Heimelaga eplemos høyres herleg ut. :)

Ragnhild sa...

Danskane kan det! Og ja, heimelaga er alltid det beste:-)Mykje bær og lite sukker.

Ragna sa...

Nam! Eplemost er så utrolig godt :-) Spiser ofte eplemost med cottage cheese på pannekaker, det er nydelig...

Ragnhild sa...

Ragna: takk for pannekaketips! Det må eg prøva ut ein gong:)