31. oktober 2008

Det beste Halloween-knepet

I dag var eg og sumde rett etter jobb. Vanlegvis brukar det å vera bra med folk i Bølerbadet ein fredag ettermiddag, men i dag var det nesten heilt tomt. 3/4 av badet var reservert for oss som som vil symja att og fram, og det var stort sett mellom 4 og 7 personar der samstundes. I leikedelen av bassenget var det nesten ingen. Heilt fantastisk! Aldri har eg vore meir nøgd i badet enn i kveld.

Då eg rusla heimover etterpå, med verdas beste samvit (fordi eg hadde sumt trass i at eg var doven og lat og eigentleg berre ville lata meg), kom eg på eg kvifor bassenget var så tomt. Det er jo Halloween i dag! Mellom blokkene på Oppsal myldra det av utkledde ungar med digre godteposar i hendene, og eg høyrde det obligatoriske knask eller knep-direktivet frå alle kantar. Det var heilt vilt med ungar (men det er mange ungar her på Oppsal, då). Eg sneik meg usynleg forbi dei (eg hadde berre purrelauk og liknande i handleposen, altså inkje å by på). Vel i hus kjende eg meg utruleg lur! Og visste med ein gong kva eg skal gjera neste gong det er Halloween.

6 kommentarer:

Gudrun sa...

men du kan vel kjøpa inn litt snop til skitungane, som Knut kan dela ut medan du er og sym?

Ragnhild sa...

Det ser ut til at ungane får alt for mykje godteri denne dagen (ja, eg er visst blitt gamlis), så neste år får eg la Knut stå og dela ut gulrot og kålrot, tenkjer eg.

hlewagastiR sa...

Hev du eit knep mot julebukkar?

brucefanbull sa...

Trikset på Bølerbadet er å vere der dei første timane etter at dei har opna. Mellom 12.30 og 14.30 er det stille der, også på fredagar...

Ragnhild sa...

Men eg kan ikkje symja midt på dagen, sjølv om eg gjerne villa ...

Ragnhild sa...

Og når det gjeld julebukkar: dei er alltid velkomne. Dei skal jo dela ut godis, skal dei ikkje det då? Vi gjorde i alle fall det då vi var små.