3. mars 2013

I mål med eit lite gardinprosjekt

I det nye huset vårt er det enormt mange vindauge, og alle er av ukonvensjonelt format. Det er jo ikkje nødvendig med gardiner framfor alle vindauga, men der sola steikjer, og der det er mykje innsyn, er det jo litt greitt med gardiner. Det er ganske så bra innsyn på badet oppe, så der fann eg ut at vi måtte ha ei gardin. Vindauget er under 1x1 meter og kvadratisk, og eg leita blant stoffrestar for å sjå om eg fann eit lite flak eg kunne sy gardin av.

Eg sydde saccosekk til poden for eit års tid sidan (denne), og dette stoffet hadde eg nokre restar av. Eg blei særs nøgd, for fargane passa perfekt til det pastellblå og litt triste 80-talsbadet vårt. Eg sette i gang, og trudde eg hadde meir enn nok stoff. Men nei, det største flaket var for lite. Så kva gjorde eg? Eg måtte lappa saman ... Eg klipte i firkantar og trekantar og prøvde meg fram.

Glimt frå prosessen ...

Heldigvis er det eit praktisk mønster når det gjeld å lappa saman slik at det blir fint.


Etter litt prøving og feiling og triksing og miksing blei dei fem stoffdelane til ei lita og søt gardin.

Det er jo ikkje spesielt spanande å sy gardiner, men dette prosjektet blei jo litt artig. Eg var på nippet til å gje opp eit par gonger fordi eg ikkje trudde det kom til å bli nok stoff. Eg måtte ta i bruk kvar ein cm med stoff eg hadde att.

Eg er særs nøgd med at eg fekk brukt opp stoffrestar, for eg har ein plan om å bruka opp mykje stoff som berre ligg og sleng.

Så no vart det god karma på do!

Ingen kommentarer: