12. oktober 2008

Pus i hus



Dette er Brötzmann. Han er oppattkalla etter denne mannen (han med saksofonen). Her ligg han i vindaugskarmen på soverommet vårt og følgjer med på fuglar som flyg forbi.

Med ujamne mellomrom, når husmor og husfar er vekkreiste, kjem den fine katten på overnattingsvitjing. Denne gongen har han sjekka inn for fire netter, og som kvar gong når han er på vitjing, blir kåken vår forandra. Noko skjer med kåken! Og med oss. Eg går med ei konstant kjensle av at vi ikkje er åleine. Eg høyrer at eit levande vesen tassar rundt i gangen på tørre potar medan eg sit på kjøkkenet. Eg sit på kontoret medan eg høyrer ein ball som trillar over stovegolvet. Kva skjer no? tenkjer eg forventingsfullt. Tørre potar og kvasse klør går plutseleg til åtak på tærne mine, medan eg anar fred og inga fare. Dette levande vesenet tenkjer, det har ein plan, utanfor vår kontroll! Kva som helst kan skje. Dersom det blir heilt stille, blir vi urolege. Kva tenkjer han no? Kva er planen?

Det kan skje noko i kvar ein krik og krok. Heile kåken er levande. Brått ser vi at ein serviett på golvet kan vera utruleg interessant å studera nærare. Eller at plantane smakar godt. Garnnøsta mine er fine å leika med. (Og dei smakar godt.) Brått må vi hugsa å ta att døra til soverommet før vi går på arbeid om morgonen (senga er det einaste forbode området). Og verandadøra er det krise å gløyma å ta att, for enn om han hoppar over kanten? (Skrekkscenarioet til ein kvar kattepassar) Vi må sjå at pus har nok mat, og at dokassen hans er tom for drit. Det er eit levande vesen som vandrar rundt i huset vårt! Kvar er katten? seier vi i kor når vi har vore oppslukte av noko på tven og gløymt at vi har ein katt på vitjing. Og så leitar vi til vi finn han. Ofte har han berre lege og sove på stovebordet rett framfor oss, medan vi har leita huset rundt.

Når eg står opp om morgonen, er det første eg tenkjer: pus! Korleis har natta hans vore? Eg er like spent kvar gong på å sjå om han verkeleg ER i huset. Som regel ligg han uskuldig og søv på det varme badegolvet, medan ballen, leikemusa og diverse andre leikbare effektar ligg på heilt andre plassar enn kvelden før. Det ligg hårtustar på kjøkkenbordet, og pus stryk seg inntil leggen min.

Det raraste er at når pus er tilbake i heimen sin, kjennest det ut som om han framleis er her. Vi tek att dører som før og skal til å sjå om han sit i vindaugskarmen, før vi hugsar at han er borte. Så då er det berre å gle seg til neste gong kåken blir levande att. I mellomtida må det støvsugast.

5 kommentarer:

synnøve sa...

So fin tekst! Katt er det beste dyret. :-)

Ragnhild sa...

Takk! Katt er best, heilt samd:-)

Frøken Smilla sa...

Fin tekst. Elsker at du skriver nynorsk. Men du... dere må jo få egen katt!

Ragnhild sa...

Takk for det:-) Eg vil helst ha ein katt som kan springa ute i det fri, og då er det litt vanskeleg så lenge vi bur i blokk ... men katt er med i draumen om stort hus og hage og båt ved sjøen:-)

Fivrel sa...

Kan eg berre få lov å seie: Katten sit i tunet -

Det er nett som du skriv, katten ER der. Han er så levande, så tilstades, så avslappa og så vaken på same tid. Kattar er fantastiske, og dei er forferdelege (til å klore og bite...) Dei er rett og slett uunnverlege. Det er difor me lyt flytje til landet. For eit liv utan katt er bortimot eit bortkasta liv ;-)