11. august 2008

Lukkeleg i Luster


I want this house!, originally uploaded by ragnhildaas.

"Lykkelig i Luster" er den fantastiske overskrifta i Dagens Næringsliv i dag. I følgje ei levekårsundersøkjing som Statistisk Sentralbyrå har gjort, viser det seg at det er i Luster kommune det er best å bu. Dei intervjuar bringebærbonden som bur på den garden eg fall pladask for då vi reiste rundt på Vestlandet i sommar, og eg blir heilt rørt av å lesa det.

Fleire diggbare overskrifter i artikkelen: "Det er best å bo på bygda" og "Bygda er best". Til samanlikning hamnar Oslo på 417. plass av i alt 431 kommunar. Treng eg seia meir?

Eg gler meg til å bli vestlending. Ein gong.

10 kommentarer:

Eva Marie sa...

Du veit kva kommentarane vert når du postar slike innlegg. Kom deg ut av denne byen du hatar så sterkt - kom deg til Sogn og slutt med dette "eg-skal-flytta-ein-gong"-tullet!

Vi kan vedda: eg veddar på at det tek _minst_tre år før du flyttar ut av Oslo til Sogn. Tek du utfordringa? :)

Ragnhild sa...

Hahaha, eg tenkte å flytta i september ein gong - sånn cirka når epleinnhaustinga byrjar, tenkjer eg.

rypa sa...

Dårleg med eple i Jostedalen, asso, men veldig bra blåbær.

Eva Marie sa...

Det er vel for kaldt i Jostedalen for eple? (No spør eg fordi eg ikkje veit, er jo frå ein landsdel utan epletre.)

Anonymous sa...

Eg er samd med Eva. Du kjem til å bli verande i Oslo til din døyans dag.

Remi

Ragnhild sa...

Ja, Oslo kunne jo ha vore særs attraktivt å bu i på lang sikt, hadde det berre vore meir/berre nynorsk, færre folk, mindre stress, mindre eksos, færre tjuveri, mindre vald, dop og drit, billegare hus, fleire frukttre, høgare fjell, meir fjord, REIN fjord, større behov for arbeidskraft og fleire bringebærbønder. Og tusen andre ting, som hadde gjort det meir attraktivt å bu her til min døyans dag.

Anonymous sa...

Jaja, du trur ditt og eg trur mitt. Ser forresten at du har kløpt deg?
Cynthia Nixon-aktig, eller?
Eva seier at du ikkje kler det, men eg hevdar hardnakka at du sikkert kler alt. Då seier Eva at eg berre smiskar og skal halda kjeften min igjen.
Sånn har EG det.

marit sa...

september, då er nett det nye kontorfellesskapen ferdig her, og, "lucky you", det er akkurat ein plass ledig. då manglar me berre eit hus til dykk...

hlewagastiR sa...

Det er skattebetalarane, serleg frå Oslo, som betalar for denne lukka. Ehem, ehem...

sjølvplagar sa...

Skattebetalarar frå Oslo? Hah! Den skal du slita med å skaffa dokumentasjon på, tenkjer eg ...