30. september 2009

34 år!

Juhu! Bursdag! Det er like kjekt kvart år. Denne veka har eg haustferie, og difor oppheld eg meg på heimlege trakter på Nordmøre. Dagen har vore fin så langt.

Det er haust, det er vått. Og det låg snø på toppen av Ertvågsfjellet i dag tidleg!

Altså innevêr. I ullsokkane til pappa.

Innevêr = strikkevêr. Så eg brukar dagen på å strikka på kjolen min. Som minner meg om ein bunad (eg trur det går over). Mønsteret og garnet er islandsk. Får kryssa fingrane for at det blir 20 minus til vinteren. Eg sveittar berre strikketøyet ligg i fanget.

Mamma set brøddeig, og eg gler meg til lukta av nysteikt brød fyller huset. Det går rykte om kaker, så det blir nok endå meir å sjå fram til.


Og SÅ, vettu! Når eg er heime, har eg tid til å surfa rundt på nettet og drøyma om alt eg har lyst til å laga. På ein slik surferunde fann eg heilt tilfeldigvis ut kva leikene på biletet over heiter! Desse figurane har eg hatt sidan eg var lita, og eg hugsar at eg hadde ein vask også. Eg har alltid lurt på kva leiker dette er. No har eg funne ut at det er Fisher Price-leiker som var populære på 60- og 70-talet, og at dei går under namnet "Little People". På eBay kan ein finna Little People-skular, møblar, hus, båtar ... Eit mekka! Så no får vi sjå om eg greier å halda nostalgien i sjakk ...

4 kommentarer:

Torunn sa...

Gratulera med dagen!! Flott kjole du held på med,- eg strikka den i fjor og hadde den klar til jul. Elskar den kjolen!! Strikka den i Smart. Håpar du har hatt ein flott dag!!

Ragnhild sa...

Tusen takk! Har hatt ein veldig fin dag. Så artig at du har strikka den kjolen! Eg er veldig spent på korleis han blir. Han blir i alle fall VARM:-)

wine-fueled narcissism sa...

For koselig blogg! Og gratulerer med dagen! :)

Rangla sa...

Hei!
Eg er inne og tittar litt på dei eldre blogg-innlegga dine. Kjekt! og synst Nostalgi var eit fint tema og kikke på.
Desse leikane hugsar eg også veldig godt. Eg og syster mi har også desse figurane. Vi har også leikehus (som kan opnast og lukkast) og møblar til dei. Leikehuset står i dag på loftet her hos meg på Tøyen - saman med alle dei andre leikane våre (fordi mamma og pappa no bur i Oslo i ei lita leiligheit måtte vi heim og hente alt vi ønskja å ta vare på før dei selde barndomsheimen vår...)
Du har ein veldig fin blogg, Ragnhild.

Helsing Ragnhild