14. juli 2008

Neglelakk i solnedgang


Hahaha, eg har neglelakk så lenge eg lever. Takka vera eBay (fekk dei til ein bra pris) og Zoya - eit merke som reklamerer med at neglelakken ikkje inneheld helseskadlege ting og tang, og som dimed appellerer til meg, som for tida testar ut alt som er organisk, økologisk og miljøvenleg. I morgon reiser eg til København, og då skal eg testa ut bydelen Nørrebro, eit mekka for organiske produkt av alle slag. (Men eg skal IKKJE kjøpa neglelakk.)

4 kommentarer:

Anonymous sa...

Nei, ver so snill - kjøp ikkje fleire neglelakkar, heller ikkje andre remediar som du vil lagre i skåpet på badet. Det er fullt - frå aust til vest og frå botn til topps! (Men sjokoladeskåpet derimot... :))

Helsing husbonden

synnøve sa...

Eg ser at du har lenkje til kaféen Sømmelig... Det er rett attmed der eg bur no.:-)

Ragnhild sa...

Hei, Synnøve! Du må gå innom Sømmelig, ein fantastisk kafé! Har gått på sykurs der:-)

synnøve sa...

Eg var innom og kjøpte kaffi ein dag. Det er det eg har å bidra med, sidan sying ikkje er mi sterkaste side...