2. juli 2008

Fram frå smykkeskrinet

Eg er så nøgd! Eg drog fram det gamle smykkeskrinet mitt, og der fann eg mykje artig! M.a desse plastikk-øyredobbane, som eg fekk (truleg av ei tante) på 80-talet ein gong - etter at dei ikkje var populære lenger, og før eg fekk hol i øyro ... noko som har ført til at eg aldri har gått med dei. Men NO! Desse er midt i blinken! Plastikk-øyredobbane som ein får kjøpt på Cubus o.l. no til dags, blir øydelagde på ein blunk, fordi festet bak er limt på. På dei autentiske 80-tals-øyredobbane er alt plastikk, og festet er ein del av øyredobben, altså ikkje limt på. Dei er laga for å halda, verkar det som. Kvalitetsplastikk!

1 kommentar:

Ida Lovise sa...

Å så kult. Dei var jo pen også! Likte godt dei med knapp på i grunnen eg då. Men eg har allereie ein heil haug med knappeøyredoppar så eg skal vel ikkje vere misunneleg.