1. juli 2008

Det bur eit ekorn i hagen

Det kjem til å bli mykje blogging frå og om Mjosundet no framover. Fordi eg er her, og det er nærliggjande å blogga om dei nære ting. Men eg ser det i eit større perspektiv òg. Når eg googlar "Mjosundet", får eg opp 15.400 treff (ganske bra, eigentleg), og eg ser at mange av treffa har med båtbyggeri, vêrvarsel og og Mjosundet Feriesenter å gjera. Eg vil bidra med å auka treffprosenten for litt andre emne. Og det er inga lita oppgåve! Her er det berre å setja i gong. 

Det fyrste eg vil fortelja om er ekornet i hagen til mamma og pappa. I følgje mamma og pappa har det ikkje noko namn. Dei kallar det "ikånnjet", som det heiter her. Kanskje ikkje så sensasjonelt. Men det som er uvanleg, er at det bur eit ekorn så nære innpå folk! Det finst nok ikkje i Oslo. Ha! Og det raraste er at det bur på taket av fugleburet i hagen. Men ikkje nok med det, av og til kan ein sjå den raude svansen som stikk ut av fugleburet òg! Det bur altså inni huset! Ekornet har ikkje dei typiske, stressa ekornfaktene, som dei urbane ekorna har. I dag sat det på toppen av huset sitt og pussa nasen ROLEG! Det var ikkje noko problem å ta bilete utan stativ. Eg lurte ei stund på om det var skadd, for det var så stille. Men nei, dette er nok berre eit harmonisk, søtt, lite ikånnj! Sukk! Slik er det altså å vera ekorn i Mjosundet. 

2 kommentarer:

Marit sa...

Ikkje at eg skal drive å forsvare Oslo altså, men eg har aldri sett så mykje ekorn som bur tett på folk som i Oslo, både i hagen Sognsvegen og på Bøler så me ekorn fleire gonger i veka. Skal helse frå Gudrun og Tarjei som er her for oppleve gledane med bygda...

Ragnhild sa...

Men ekorna i Oslo er stressa og rastlause. Dei har det betre her i Mjosundet. For ikkje å snakka om dei urbane Burger King-MÅSANE! Det er udyr. Måsane i Mjosundet er harmoniske og et berre fisk. Men det får bli ein annan bloggepost:-) Hels til Gudrun og Tarjei!