20. juli 2008

København

Eg elskar København! Og kvifor gjer eg det? Lista er lang, og eg veit nesten ikkje kvar eg skal byrja, men her kjem nokre viktige punkt:

1. Sykkelkulturen
Som nordmann, og særleg som Oslo-innbyggjar, er det utruleg uvant og fantastisk å sjå korleis sykkelen er ein naturleg del av biltrafikken. Syklistane har sitt eige, breie sykkelfelt til høgre for bilane, og dei respekterer trafikklysa på lik line med bilane (og bilistane respekterer syklistane). ALLE syklar, ser det ut til: dresskledde forretningsmenn (som snakkar i mobil medan dei syklar), småbarnsforeldre (med ein diger kasse med to hjul frampå sykkelen, med ungane oppi), ungar, jålete damer med høge hælar og miniskjørt, gamle damer, gamle menn, fjortisar ... Og dei syklar i all slags vêr. Då det regna som verst, såg dei ikkje ut til å bry seg noko særleg.

Danskane er utruleg elegante når dei syklar! Dei syklar på svarte, tunge syklar utan særleg mange gir, og det er ikkje viktigast å koma fyrst (slik som eg har inntrykk av er trenden i Oslo). Dei sit rett opp og ned og syklar i behageleg tempo. Dei har gjerne korg på sykkelen både framme og bak (gjeld både menn og kvinner). Praktisk!

Beste oppleving
: Å leiga bysykkel og testa ut korleis det var å vera syklist (men det var ikkje enkelt å finna bysykkel-stativa! Der er Oslo betre). Det kosta 20 dkr, og då kunne ein ha sykkelen så lenge ein ville, men det var ikkje lås på han, noko som var ei ulempe dersom ein måtte setja sykkelen frå seg i ei stor folkemengde.

2. KaféaneEg har enno ikkje blitt nemneverdig skuffa over verken kaffi eller lunsjmåltid (eller middagar) i København. Alltid tipp-topp kaffi og salatar, som lunsjen min ofte består av (det er lurt å halda seg unna den verste turistgryta i Nyhavn og Strøget - der får ein gjerne overprisa salatblad). Dei aller fleste kaféane tilbyr økologisk mat, og det likar eg.

Favorittkaféar: kaffikjeda Baresso Coffee (på grunn av kaffien), Café Norden (på grunn av salatane, ikkje kaffien) og ein kafé i Blågårdsgade på Nørrebro, som eg ikkje hugsar namnet på, og som minte veldig om kaféane ein finn i Haight Street i San Francisco (hippie-stroket). Eit lite glimt av den supre salaten, smoothien og inventaret på kaféen:
3. Ravnsborggade!
Denne gata har til og med ein eigen nettstad, med oversikt over alt gata har å by på. Det som er bra med denne gata, er at ho ligg litt utanfor sentrum, der alle turistane er. Eg hatar å gå i enorme folkemassar, og det slepp ein her. Her ligg det enormt mange bruktbutikkar og antikvariat, og prisane varierer veldig. Vi rakk ikkje å få oversyn over alt, men eg fann i alle fall ein klesbutikk eg fall pladask for: Riktigt. Ho som driv butikken, syr kleda sjølv. Og her stakk eg av med ein fantastisk, fin retro-inspirert kjole (med 70 % avslag!). Nemleg denne:
Han er laga i eit syntetisk materiale, som ikkje er ekkelt å ha på huda. Det er trykk-knappar framme, så han er enkel å flenga av seg. Mønsteret ser litt sånn bestemor-aktig ut, men detaljane med puff-ermar og innsving gjer at eg ikkje ser ut som ei bestemor når eg har han på. Han er fin å ha utanpå dei baggy linbrøkene mine. Eg likar detaljane, og drøymer om å sy ein liknande kjole sjølv. (På biletet ser ein forresten gåva eg fekk frå Samlaget då eg slutta der - ein kjolebyste! Herleg!) Eit nærbilete av kjolen:
4. Louisiana
Sjølv om det ikkje ligg i København, må eg tipsa om museet Louisina. Det er berre å ta toget nordover til Humlebæk stasjon (tek ca 45 min) og gå ca 500 m, så er ein der. Museet ligg ute ved havet, med store, grøne plener på alle kantar. Det er så vakkert der! I tillegg til faste utstillingar, har dei ulike utstillingar utover i året, så det er alltid noko nytt å sjå. Alltid ein god grunn til å reisa tilbake, med andre ord.

Elles må det nemnast at det er herleg å reisa til ein by der ein kan snakka norsk, og bli forstått. Dette er særleg kjærkome for meg som heile tida må be om glutenfri mat, og då er avhengig av å bli forstått 100 %. Eg likar danskar. I alle fall dei vi har møtt. Dei smiler og gjev i alle fall inntrykk av at dei likar ein.

Heilt til slutt: det er veldig lurt å reisa til København i juli. Det er heilt vilt med sal på ALT! Alt frå 30-70 % avslag. Men ikkje reis når det er helg, for det gjer nemleg alle andre. Reis midt i veka. Vi var der frå tysdag til fredag, og det var perfekt. Då vi reiste heim, kom alle nordmennene veltande inn. Lurt å unngå det.

3 kommentarer:

marit sa...

Einig i at det er idylisk med all syklinga i Køben, men Ragnhild det er viktig å hugse på dei reint topografiske skilnadene mellom Oslo og Køben som gjer at t.d. sykling i miniskjørt vert hakket mindre grasiøst og at tunge svarte syklar utan gir rett og slett er uaktuellt.

Sulvis sa...

Det var ein nydeleg kjole, rett og slett! (Og ein flott blogg, her skal eg innom seinare igjen!)

Ragnhild sa...

Marit: du har rett i det. Eg trur likevel det er ei utfordring å sykla i miniskjørt, anten det er flatt eller humpete. Berre det er vind, kan det vera gjort;-)

Sulvis: takk for det!:-) Svippa innom bloggen din, som ser delikat og inspirerande ut. Svippar nok innom der igjen, ja!