28. mai 2011

Ein ny oransje favoritt

Den vesle finingen i huset er ganske så stor og god. Gong på gong opplever vi at kjøpebukser er alt for smale eller for korte i livet. Dessutan brukar han tøybleier, og det gir litt større bleiebak enn med papirbleier. Men NO har eg funne ein ny favoritt. Eg har sydd ei snikkarbukse i diggbart oransje stoff (tynn cordfløyel) frå Stoff og stil. Eg trur det var storleik 2 år (frå den fantastiske boka Barnetøj du selv kan sy), og her er det god plass til å boltra seg i. Det er sjølvsagt nesten umogleg å ta bilete av hovudpesonen sjølv. Han er stadig på farten, som de ser. Og då passar det jo bra at buksa er så vid og god!

(Det er han som har drege ut alle bøkene, altså. Dei skal kasserast.)

Eg sydde lappar på knea av eit stoff eg kjøpte på den superfine Blafrebutikken i Ekeberg hageby. Eg blingsa litt med plasseringa av lappane. Dei hamna alt for langt ned på leggane. Så det blei legglappar. Men pytt, pytt. Då veit eg det til neste gong.

Eg hadde jo litt trøbbel med den eine trykk-knappen. Festa han feil veg. Men den lokale skreddaren greidde å få ut knappen i ein fei, og takk og lov for det. Så då var det berre å konsentrera seg skikkeleg hardt om å gjera det riktig. Og det blei jo bra. Men eg tykkjer ikkje det er så veldig enkelt å hamra laus på knappane, altså, for å få dei til å sitja. Nokon som har tips?

Noko som er ekstra stas når ein har funne ein favoritt, er at han kan vara lenge. Som de ser, er buksa ganske lang i føtene, men fordi det er strikk nedst, passar buksa fint. Og ho kjem til å passa ei stund til. Dvs. nokre månader. Og eg er i gang med å sy endå ei, denne gongen i eit stretchstoff (for aller første gong). Kryss fingrane for at det går bra.

7 kommentarer:

Linda sa...

Buksa var no tøffe dan. Kjekt når ein kan sy sjølv. Ha ei fin helg.

Siri @ Strikk og tøys sa...

Kjempetøff! Har faktisk den boken selv, men har ikke prøvd sy noe fra den enda. Er fortsatt ikke helt trygg på den maskina. Kanskje jeg skal bestille et sykurs av deg en gang ;-)

Blafrebutikken har jeg så lyst til å besøke en gang. Det er jo ikke langt unna heimen.

Riktig god helg!

Tøybleiemamma? sa...

skikkelig fin bukse!!!! fikk lyst til å sy!

Ragnhild sa...

Takk og takk, alle saman!

Det er ei enkel bukse å sy, Siri. Eg kan forresten tilrå sykursa til Folkeuniversitetet. Kjempebra! Eg gjekk der for nokre år sidan og lærte supermasse nyttig for å kunne forstå mønster og sånn. Og Blafrebutikken MÅ du besøka! Det er god kaffi og gode makronar der også;-)

Marit sa...

Kul bukse! Og herlige bilder med en bokglad kar :) Og det der "plagget" (ja, fortjener nesten hermetegn) under, så morsomt! Fikk litt assosiasjoner til sånne missejenter på fire år i skjønnhetskonkurranse. Typis Tvnorge... Men noe sier meg at du ikke hadde sånne foreldre :)

Stine Marie sa...

Så fin!!! Du er kjempeflink til å sy! Og så stor han har blitt, husker jeg oppdaga den fine bloggen din da du venta han..morsomt å tenke på;)
God helg videre til dere!

Ragnhild sa...

Tusen takk for søte kommentarar:-)