19. mars 2013

God morgon!

Endeleg ferdig! Byrja på God morgon-genser frå Pickles i jula, og det var jo ein enkel genser å strikka, men eg tykkjer det er så keisamt å strikka med berre éin farge, så det tok si tid likevel. Eg strikka bolen litt for kort, men han blei passeleg lang etter at eg vaska genseren og strekte han i våt tilstand. (Eg strikka i storleik small.)

Det beste med genseren er at han er så utruleg god og mjuk. Og varm! På biletet har eg ein tynn ullgenser under, men han måtte eg ta av, gitt, så eg gjekk berre med ein singlet under. Det kjendest ut som om eg var innpakka i bomull. Mmm.

Pickles har fine strikkehjelpfilmar på sidene sine, og denne gongen lærte eg å veva saman to delar (oppe på skuldrene) og å henta opp masker (for å strikka ermene og halsringinga) slik at det blei superfint. Særs godt nøgd med å få lure strikketips!

Eigentleg tenkte eg jo å strikka genseren i fargen appelsin, men fargen var ikkje heilt som forventa, så eg bytte til ein litt keisam farge (lime). Angrar litt på at eg ikkje strikka med ein knæsjare farge, det er litt for mykje grønt i livet mitt. Men det neste strikkeprosjektet er i alle fall fargerikt!

Det skal bli bråkmakargenser, også oppskrift frå Pickles. Dobbelt tråd og fire fargar krev litt tolmod, merkar eg, men det er vel straffa for å ikkje villa strikka med éin farge.

Ingen kommentarer: