1. juli 2013

Her er eg!


Eg vart lei av å blogga, så no har eg vore vekke sidan mars. Men typisk nok, når sommaren er rett rundt hjørnet og ingen er på nett, då får eg bloggelyst. Så her er eg! Veit ikkje om det er så mange som heng med på bloggen lenger, men. Er det det? Eg har fått skikkeleg dilla på Instagram, og der er eg å finna som ragnhildas, for den som ønskjer å få daglege oppdateringar av livet i vest.

Det er (endeleg) sommar i Sogn. Den første sommaren sidan vi flytta frå hovudstaden. Då snøen omsider forsvann, oppdaga vi at vi budde i ein jungel. Vi har klipt, sådd, luka, vatna ... Og det er utruleg fint at poden berre kan springa rett ut, og så er han i hagen. Det er litt anna å bu i tredje etasje i ei blokk ... Så vi er framleis glade for at vi har flytta på bygda.

Følg med!

3 kommentarer:

notisboka sa...

Ai ai ai, eg ser eg kan få døyvd Vestlandslengsla gjennom denne bloggen når eg er tilbake på Austlandet. Keep on bloggin'!

Gudrun sa...

Fint å sjå bloggen din att!

Ragnhild sa...

Takk for det, Inga og Gudrun!:-)