28. juni 2012

Terningkast 6: Alt som er

Alt som er av Brit Bildøen kom ut i 2004 (Samlaget), og eg kjøpte boka på supersal for nokre år sidan. Då hadde eg ikkje høyrt om boka før. Men for ei bok! Eg likar særs godt skrivemåten til Bildøen. Ho skriv så poetisk, eller kva eg skal kalla det. I staden for å skildra eit hus rett fram (eit hus står sentralt i boka), skildrar ho det som om det er eit levande menneske. Døme på både vakker tekst og vakkert omslag:
 
Huset, det store, gamle tømmerhuset, stod og lente seg mot vegen. Det såg ikkje på dei med vindaugsauga sine, men heldt dei vidt oppsperra i alle retningar, som for å passe på at ingen la merke til kva det heldt på med. Og det lente seg. Sakte, men sikkert strekte huset seg mot vegen der ute, vegen som kunne skimtast mellom trea, bak syrinhekken. Det rista lett, det var som om ei skjelving gjekk gjennom huset frå grunnmuren og opp til pipa. Til og med bakken begynte å dirre, koppar og kaffiskåler klirra svakt på hagebordet, og det gjekk an å høyre ei forpint knaking frå dei gamle tømmerstokkane. Og huset tøygde seg. Det strekte seg så langt materialet kunne tillate, og litt til. Eit lite stykke nærare vegen kom huset, før det gav opp og seig på plass att med eit lydlaust sukk. Om litt såg det igjen på dei med det vande, uttrykkslause blikket. 

Denne måten å skriva på går som ein raud tråd gjennom boka, og eg diggar det! Skildringane gir så fine bilete! Det er umogleg å skumma gjennom avsnitt som det over. Det hende eg faktisk las skildringane fleire gonger, så fine var dei. Og det er ikkje typisk meg når eg les ei skjønnlitterær bok. 

Men i alle fall: Boka handlar om ei slekt, men først og fremst om Mariann og Endre. Det er ei kjærleikshistorie. Eller fleire kjærleikshistorier. Eg seier ikkje meir enn det. Les boka!

2 kommentarer:

Marit sa...

Eg elskar at du melder bøker Ragnhild! Denne boka las eg då ho kom, men likte ho ikkje i det heile. Eg synst historia og måten ho var fortald på var oppstylta og litt svevande. Kanksje eg bør lese ho på nytt?

Ragnhild sa...

Ja, du kan prøva, sjølv om det jo kan hende vi har ulik smak:-) Eg elska stemninga boka gav, i alle fall.