
Boka handlar om Elin og Hans, men Elin er død. Hans tenkjer tilbake på samlivet deira. I starten av boka veit vi ikkje kvifor Elin har døydd, eller korleis dei har hatt det saman, men etter kvart kjem det fram meir og meir, og gjennom mange frampeik om kva som har skjedd, blir handlinga driven framover. Det ligg ei uhyggjeleg stemning og kviler over boka, tykkjer eg. Det var fleire gonger etter å ha gått av t-banen (eg les på t-banen) at eg ikkje greidde å rista av meg stemninga i boka. Og tru meg: Det skal mykje til før eg blir så gripen av bøker. Suverent!
Eg spør meg: Kvifor er ikkje denne boka meir kjend? Eller er det berre eg som ikkje er heilt oppdatert? Les!
4 kommentarer:
Hei :)
Bra omtale....Jeg synes alltid bokomtaler er så bra...
Ha en fin dag:)
Bra omtale. Må nok burdere å lese denne. Ønskjer deg ei fin veke.
Enig! Meget god roman. Takk for tips!
Jepp, boka bør lesast av mange fleire!
Legg inn en kommentar