2. mars 2012

Eit sikkert vårteikn

Når syklane kjem ut, er det vår! Juhu! Vi er så heldige at vi har arva ein finfin trehjulssykkel. Dvs. poden er heldig. Her om dagen fekk han prøva sykkelen for første gong, og det var suksess. Han er heilt vill etter sykkelen! (... sjølv om han ikkje når heilt ned til trødene enno.)

I dag tiiidleg, medan han enno berre hadde bleia på, ville han ut og sykla. Han skubba stolen sin bort til verandadøra, klatra opp og ropte denn! denn! medan han peika iherdig mot sykkelen som stod parkert der ute. Han fekk etter kvart på seg klede, åt frukost og var ute og (liksom-)sykla på grusen før kl. 9. Eg ser føre meg korleis det blir den dagen han når ned til trødene ... 

3 kommentarer:

Bøllemamma sa...

For ei lykke det må være å oppdage sykling for første gang :) Nydelig liten kar du har :)

Mette sa...

Du har mykje å gle deg til enno Ragnhild :-)

Ragnhild sa...

Takk, Bøllemamma:-)

Mette: Eg tykkjer alltid at her og no er den artigaste tida - det har eg tykt heilt sidan han blei fødd. Så det er nok heilt sant at eg har mykje å gle meg til:-)