Uansett. Eg er glad i fargar. Og det fører til at eg ofte fell for barnslege ting. I går fann eg endeleg den perfekte liftgardina til kjøkkenet frå barnekolleksjonen til Åhlens:
Det gjer ikkje noko at det er grått og trist ute når ein kan sjå på ei så fin gardin! Gardina heiter Blåbærcity, er laga i økobomull, og designet har blitt til etter inspirsasjon av boka Puttes eventyr i Blåbærskogen av Elsa Beskow. Eg har ikkje noko forhold til boka, men eg har eit forhold til søte ekorn, blåbær og bringebær. Då eg spikra opp gardina, sat poden og såg på barne-tv, og eg visste at han ville koma springande då eg byrja hamra. Han hyla då han ikkje fekk hammaren. Dunk, dunk! gjekk han og sa resten av kvelden. Og eg innsåg at interessefeltet hans har endra seg frå den gongen han sat og togg i gardinsnora. Det lovar godt for levetida til denne gardina.
3 kommentarer:
Den var kjempe fin!! :O)
fin gardin og fin unge!
takk for kommentar, og hjertelig velkommen tilbake :)
Takk, takk! Er særs nøgd sjølv, både med gardin og unge:-)
Legg inn en kommentar