19. november 2011

Om brettebleier og formsydde bleier

Eg er stor fan av tøybleier. Men det er ikkje slik at alle tøybleietypane passar for alle. Ein må prøva og feila. Og det er nettopp det som er så fint: Ein finn alltid noko som passar fordi valmoglegheitene er så mange. Det er også slik at tøybleiebehova endrar seg etter kvart som ungen veks. Den tøybleietypen som passa då ungen var mini og berre fekk morsmjølk, passar kanskje ikkje når ungen har fylt 1 år.

Som nattbleier treng ein bleier som syg godt, og som er god mot huda. Det er særleg to tøybleietypar som eignar seg godt som nattbleier: brettebleier og formsydde bleier.

Brettebleier er dei bleiene dei fleste av oss hadde på oss på 70-talet. Det er rett og slett eit firkanta tøystykke som ein kan bretta på ulike måtar, og ein kan leggja inn ekstra innlegg dersom det er behov for det. Her skriv Bleieboden om brettebleier. Utanpå brettebleia må ein ha eit såkalla sperrelag som gjer at det ikkje blir lekkasjar. Det beste sperrelaget er bleiebukser i ull som er innsette med lanolin. Grunnen til at det er så bra, er at ull pustar og regulerer temperaturen godt.

Fordi Tryggve hadde god appetitt og mykje skulle ut, hadde vi behov for brettebleier med ekstra innlegg, og dimed fekk han altså ein solid stump. Og han blei ikkje mindre av at han hadde bollelår og bollemage som også skulle ha plass. Og det funka altså ikkje optimalt. Han hadde vanskar med å røyva seg, rett og slett.

Ein variant som er i slekt med brettebleier, er formsydde bleier, og dei brukte vi lenge som nattbleier. Brettebleier har same form som eingangsbleier, men dei er laga i bomull, hamp eller bambus og treng difor eit sperrelag, slik som brettebleiene. Her er det Bleieboden skriv om formsydde bleier. (Vi brukte både Mother Ease Sandy´s, Muksut og BabyBeeHinds.) Formsydde bleier gir ein nettare fasong enn brettebleiene, så dei passa fint til Tryggve.

Når det gjeld nattbleier, må eg berre innrømma at der har vi brukt eingangsbleier dei siste månadene. Fysj og føy ... Vi opplevde nemleg lekkasjar med dei formsydde bleiene, sjølv om eg hadde kura ullbuksene med lanolin. Og då byrja vi med eingangsbleier som ei naudløysing, noko vi har halde fram med ... Kanskje det er på tide å testa ut bleier igjen. Eg tek imot tips til gode nattbleier, dersom nokon har det!

6 kommentarer:

Marit sa...

Så morsomt bilde og så bra med litt tøybleieinspirasjon! Vi begynte med brettebleier og syntes det fungerte veldig bra fra starten. Vi fikk også problemer med lekkasjer om natta og gikk over til papir. Syntes også det bar litt styr når Olav ikke ville ligge stille på stellebordet og alle lag skulle på. Nå satser vi på ny med babyen i magen. Jeg sydde formsydde bleier også (lommebleier) og det fungerte egentlig veldig bra. Ekstra ullinnlegg er jo også mulig, men blir fort veldig tykt. Det er jo en hel vitenskap det her med tøybleier :)

Tøybleiemamma? sa...

Her opplever vi det motsatte med storebror. Kliss bluat gjennom papirbleien han har på om natta. I dag fikk jeg igjen nattbleiene jeg kjøpte når je hadde tenkt å begynne med tøy på natta, men aldri gjorde det. Det er i alle fall en BBH night. Har dere prøvd dem? Jeg er veldig fornøyd med fleece på dagtid, selv om de ikke er like føyelige som ull. Nå har jeg prøvd fleece på natt og var ikke helt fornøyd med det. Fleecen føltes tørr ut, men pysjen var litt fuktig, og det luktet veldig amoniakk av den. Så nå er det bare ull på natta.

Bøllemamma sa...

Syns det er kjempebra at du skriver om tøybleier. Vi opplever at datra vår har det mye bedre med tøybleier enn med papir, men vi har også endt opp med å bruke papir om natta. Vi bruker fuzzi bunz lommebleier (liker ikke helt at innsida er av polyester eller noe liknende) med hjemmelaga innlegg av bambusfleece som gjør bleia myk og føyelig.

Heidi / I'm with Leia sa...

Super å høre om dine erfaringer men stor gutt.
Andreas på 6 uker bruker bare lommebleier - har gode erfaring med Bum genius flip - men det er jo litt annet da han kun er 6 uker....Blir spennede å se når han blir større - kanskje vi forsøker brettebleier igjen (akkurat nå er det ikke lett da spreelagene jeg kjøpte (strikka) er alt for store...

Mint sa...

Fint å høre din erfaring! :) Lille Edvard er ikke verdens største baby, så jeg tror det går en stund før vi får prøvd på han tøybleiene vi har liggende. Så frem til det blir det papirbleier. Vi gleder oss veldig til å få på han tøybleier da, de vi har er så fine!

Ragnhild sa...

Marit: Imponerande at du har sydd eigne bleier, eg tykkjer det ser så vanskeleg ut. Eg har kjøpt fleire heimesydde bleier, og dei fungerer veldig bra.

Tøybleiemamma: Ja, har prøvd BBH night. Bleia vart veldig klumpete, liksom, og vi opplevde lekkasjar etter kvart. Men no når poden er slankare, kunne vi faktisk prøvd bleia på nytt.

Bøllemamma: Vi har også nokre Fuzzi Bunz lommebleier som vi brukar, og ja, det er litt ekkelt med det stoffet på innsida. Slik er det med Bum Genius også. Bambus rett mot huda er nok best!

Heidi: Å, Bum Genius flip er den heilt nye bleia frå BG, er det ikkje? Har ikkje sett bleia på Bleieboden.no enno, men den har eg veldig lyst på!