23. august 2014

Vimpel-tee, eller vimpeltrøye, om du vil

Kva: vimpel-tee/vimpeltrøye frå Pickles
Til kven: meg sjølv
Garn: Pickles summer wool, fargar: vanilje (eller var det iskrem?) og vassmelon
Storleik: small

For godt og vel eitt år sidan byrja eg å strikka på vimpeltrøya frå Pickles, og i sommar vart eg ferdig. Det tok lang tid, for dette vart verkeleg eit tolmodsprosjekt, som lenge låg i ro i strikkekorga og berre irriterte meg. Men i sommar bestemte eg meg for at NO skulle eg fullføra alle uferdige strikkeprosjekt.
Det er ganske lang avstand mellom fargane, så det eg tykte tok tid, var å binda opp garn på baksida medan eg strikka. Det har eg aldri gjort før, og det finst sikkert raskare måtar å gjera det på enn det eg gjorde. Uansett: Det blir mykje finare og tettare mønster når ein bind opp garnet undervegs, så det var på ein måte verdt slitet.

Noko eg tykte var merkeleg med oppskrifta, var at bolen skulle vera så kort! Men det var jo ikkje noko problem å strikka lenger. Eg strikka sikkert 20 cm lenger enn det som stod i oppskrifta. Det andre litt rare var måten ein skulle fella av halskanten på. Det var ein måte eg ikkje har prøvd før, og som skulle sørgja for at kanten ikkje krølla seg, stod det. Vel, kanten krølla seg, som det er mogleg å sjå. Det er mogleg eg bør vaska og dampa trøya for å få kanten fin.

Eg strikka storleik small, men det er framleis plass til ein gravidmage i veke 23/24. Trur kanskje han blir litt vid når magen er vekke ...

Sommarulla til Pickles er ei blanding av ull og bomull, og eg likte å strikka med garnet. Likevel: Eg trur ikkje eg hadde greidd å gå med trøya då det var på det heitaste i sommar. Og til vinteren blir det jo litt rart å gå med korte ermar (sjølv om eg kan ha ein tynn, langerma genser under). Så når på året er det mogleg å gå med denne, eigentleg? Eg får testa om det er ei eigna hausttrøye. Så lenge magen ikkje er større enn dette, i alle fall.

4 kommentarer:

S I R I sa...

Fin!

Ragnhild sa...

Takk, Siri!:-)

Rosa+epler sa...

Hei!

Også fann eg deg att. Blei så glad.
Etter at du flytta frå bloggen med bileta av det rauda huset, -fekk eg beskjed om at den nye bloggen berre var for inviterte lesarar. Blei så gald at det ikkje stemte. _Gler meg til å følge deg att. Også med eit nytt menneske som veks, og strikket og guten og refleksjonane.

God søndag.

Smil frå Elisabeth

Ragnhild sa...

Hei, Elisabeth! Eg endra berre bloggadresse, har vore her sidan:-) Kjekt å sjå deg att, velkommen tilbake!