1. september 2011

September

Sidan sist har eg byrja arbeida att, og det har vore superfint og moro! Men det har gått ut over blogginga. Plutseleg innsåg eg at det var september, gitt. Når eg ikkje er på jobb, leikar eg med Tryggve. Han spring rundt og er høgt og lågt. Innimellom prøver eg å fullføra eit par strikkeprosjekt, og eg har to syprosjekt på gang også. Pjuh. Korleis får ein til å halda liv i ein blogg når ein har unge/ungar?

Mykje har skjedd sidan september for eitt år sidan, som vi ser.



 

2 kommentarer:

Rosa+epler sa...

Så god han er,
der han klatrar og ser!
-og heilt sikkert plutseleg noko anna

hmm, ja! -dagane kjem svært fort,
her også.

God laurdag,
Elisabeth

Ragnhild sa...

He-he, han er ein dristig type, det er sikkert og visst! Og god:-)