21. september 2011

Bæ!


Den første gongen Tryggve såg ein hund (på t-banen), byrja han å hyla. Den første gongen han såg ein katt (utanfor blokka vår), byrja han også å hyla. Den første gongen han høyrde ein kalkun som vræla, ev. hosta, det var litt vanskeleg å oppfatta (på Nordre Lindeberg gård, tips nr. 1 til alle som bur i Oslo!), skolv han og hyla verre enn nokon gong. Slik kunne eg ha halde fram ...

Han har aldri reagert slik på folk (heldigvis), så det er tydeleg at han skjønar at dyr er noko anna. Vi tenkte at det berre er lurt at han får møta mange (og ulike) dyr, så no har vi heilt medvite teke han med på dyreutflukter. Han har vore på Kampen økologiske barnebondegård fleire gonger (tips nr. 2 til alle som bur i Oslo!), han har fått snakka med katten utanfor blokka vår, han har fått studert hundar på skeptisk avstand, og i dag var han og paps på Hovedøya og såg på sauene. Og no er det etter kvart tydeleg at dyr er stas. Sauene der ute er jo ganske tamme, men likevel. Han peikte, sprang og studerte sauene på nært hald. Og sa kra kra. Så det går rette vegen!

8 kommentarer:

Røsslyng - Dikt for dagen sa...

Flott du tek guten med for å venja seg til dyra! Spesielt sauar synest eg som tidlegare odelsdotter det er viktige å bli kjende med;)

Ruskefrøken sa...

Hehe, morsomt:) Kampen økologiske barnebondegård skal vi jammen besøke snart. Det ligger jo i bydelen vår, helt perfekt!

AvMeg sa...

sauer er jo alrighte dyr sies det.... :-)

Tøybleiemamma? sa...

Kra kra faktisk :-) Her har nesten alle dyr en skummel hvesende brølelyd. Men ved påminnelse blir stemmen veldig tynn når vi ser en katt.

Steffen sa...

Jeg liker Tryggve, han virker som en staut kar! Selvfølgelig skal man være skeptisk i møte med dyr :)

Takk for tips om Kampen barnebondegård, og fint bilde av Ammerudblokkene tidligere - min utsikt fra barndomshjemmet.

Ragnhild sa...

Røsslyng: Ja, dyr er viktige å bli kjent med. Særleg iom at vi ikkje bur på gard, har katt e.l.

Ruskefrøken: Det er heilt fantastisk at garden ligg midt inni eit bustadstrok, rett ved t-banestasjonen på Ensjø. Ta turen!

AvMeg: Ja, dei er ålreite og berre litt skumle:-)

Tøybleiemamma: Eg prøver så godt eg kan å få Tryggve til å seia mjau, men eg har ikkje lukkast enno.

Steffen: Ja, Tryggve er ein staut kar, heilt sant:-) Og skepsis er nok bra i møte med dyr (sjølv om han er ekstremt nyfiken på same tid). Så moro at du har vokse opp med utsikt til Ammerudblokkene! Det er ein fin bydel!

Fru Keilegavlen sa...

Så bra!! Det er så vikitg at ungane lærer om dyra og blir kjent med dei. Herleg med "Kra, kra". ;)

Siri @ Strikk og tøys sa...

Morsom historie og sjarmerende bilder! Så flott gutt!

Ønsker dere ei riktig god helg!