12. august 2011
1988
Det er tid for litt historie- og geografiundervisning. Eller heimstadlære, om ein vil. Dette er meg og bror min 22. mai 1988. Eg har på meg det som var yndlingskleda mine i lang tid. Dei blei heilt tynnslitne til slutt. Bror min sydde den blå joggebuksa på skulen. (Eg sydde ei lilla ei.) Eg hadde veldig raudt hår, og sjølv om det alltid var langt, sa eg at eg sparte til langt hår. Eg drøymde om å ta permanent, men sidan foreldra mine ikkje forstod poenget med "krokete hår", måtte eg i staden fletta håret i våt tilstand og sova med flettene om natta. Men sidan eg ikkje vaska håret/dusja så veldig ofte på den tida, hadde eg stort sett bølgjer i håret på søndagar (laurdag = laugardagen, naturleg nok). Så dette biletet er nok teke på ein søndag. Og det stemmer også ganske bra med at vi på søndagar ofte reiste på båttur. Biletet er nemleg teke på Smøla (ein liten båttur unna barndomsheimen) – som stort sett er kjend for å vera ei særs flat og vindfull øy. Så der var det veldig enkelt å få fluffy hår, i tillegg til liksom-permanenten! Lukke!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Nydelig bilde! Og kudos til broren din med egensydd bukse! :D Jeg fikk permanent i 1988, men det var hjemmepermanent, og jeg så ikke ut! Du skal være glad for at du ikke fikk ;)
Det var mykje meir handarbeid i skulen før, og både gutar og jenter sydde og strikka som berre det.
(Heime)permanent var nok finast på 80-talet;-)
kul bukse det der Ragnhild :)
Sigmund i sin vante positur, brukte sikkert 45 i sko der :)
Er det du, Kent? Moro! Ja, buksa var superfin. Den gongen. Eg trur han berre brukar 46 i sko i dag:-)
jupp, det er meg vettø :) innom bloggen din å mye minner jeg husker faktisk når jeg ser det igjen.
Artig å se ungen din, skikkelig bolle hehe..
Legg inn en kommentar