18. juli 2011

70-talet rular!

Alle bør vitja Bokbyen i Fjærland ein gong (eller mange gonger) i løpet av livet. Vi ferierer like ved for tida, så her om dagen køyrde vi ein oss ein tur. Og for nokre kupp eg gjorde! Eg kjem til å presentera bøkene og innhaldet i dei i fleire bloggpostar. Det største kuppet var denne boka frå 1974:
For det første er det fantastiske foto som dokumenterer godt korleis ein 70-talsheim såg ut. Det er reportasjar om korleis ein kan pussa opp huset eller leiligheita, korleis ein kan innreia, korleis ein kan bruka fargar, osb. For fargar var det mykje av på 70-talet. Og det er nok difor eg er så glad i denne tidsepoken. For det andre er språket heilt fantastisk. Eg tenkte å dela nokre av godbitane.

Sjekk desse fargesprakande heimane:


Oransje, gult og blått! Herleg!

Og sjekk: Reklame for vaskar i alle slags fargar!
IKEA-reklame fanst også på 70-talet: 
Det var trongt om plassen på 70-talet. Det er denne vesle (og ekstragavante) hybelen eit godt døme på: 
 I morgon kjem det endå ein godbit frå boka!

5 kommentarer:

Jordmor-Hanne sa...

Mye kult, og mye som kan ligne på dagens mote :)

SURRESILJE sa...

Åå, Fjærland er fantastisk! Har vært der en gang og drar gjerne tilbake. Elsker bokhyllene som står ute!

Skattejakt sa...

70-tallet in my heart!

MagFly sa...

Utruleg artig. Eg plukka sjølv med meg nokre Bonytt frå Fjærland for nokre veker sidan. Planen var å blogg litt frå dei, men der kom du meg i forkjøpet.

Den nyfødde broren min vart dessutan bada i ein sånn raud vask i 1978.

Stine Marie sa...

Haha, sengen i skuffen...