29. juni 2011

Sommardokumentar

Eg har vore i barndommens paradisiske omgjevnader i litt over ei veke no. Vi har ete ute på verandaen berre éin gong. Og vore på berre éin båttur. Og vore på Bugasætra berre éin gong. Jepp, få uteaktivitetar. Det har nemleg regna og regna. Og regna. Då er det fint å ha kamera. For motiv er det over alt, same korleis vêret er. Så eg klagar ikkje.

























Og soundtrack for late sommardagar er sjølvsagt sommarspelelista til Glamourbibliotekaren.

6 kommentarer:

Rangla sa...

Nydelege bilete!

Ragnhild sa...

Takk for det!:-)

Gagn sa...

Så koseleg! Likte spesielt godt biletet av dei fine kyrne + det av han godt vaksne mannen i båten...

Ragnhild sa...

Takk for det! Den godt vaksne mannen er pappan min:-)

Mette sa...

På den benken har eg også site maaaange gongar med besteforeldra mine og glana på ein av verdas finaste fjordar. Øh, eg har visst sykla opp langs fjorden for å koma dit også på veg til Hemne. Det var ikkje like artig.... Eg har ikkje vore på sykkelferie sidan 1991.

Ragnhild sa...

Er det sant, Mette??? Så vittig! Ja, det er bratt opp der! Det er ei mykje fotografert utsikt i heimen vår. Tenkte kanskje å laga ein liten biletkavalkade ein gong.