25. juni 2011

Hugs å handla heime!

Dette er Konrad:




Det var Konrad som starta butikken i bygda der eg voks opp. Her står han bak kjøpmannsdisken sin og poserer sånn halvvegs for fotografen, dvs. pappa, ein gong på 60-talet. Han stod bak disken sin då eg var lita også. Eg hugsar han godt.

I dag er det ikkje butikk i bygda lenger. Han blei lagt ned for eit par år sidan. (Først blei posten lagt ned, så skulen, så butikken. Som i så mange bygder.) Etter at butikken forsvann, tykkjer eg det er heilt annleis å koma heim på ferie. Ikkje berre er det kjipt å køyra 10 km i staden for å gå i fem minutt for å handla dasspapir & co. Men det har blitt så stille her. Sjølv om det var fem minutt til butikken, måtte eg av og til rekna med å bruka tre kvarter. Ein trefte nemleg så mange folk ein måtte slå av ein prat med! – Både på butikken og på vegen. Dessutan måtte eg stoppa og ta bilete av blomane i vegkanten, eg måtte lesa oppslaga på butikken, eg måtte telja kor mange båtar som låg i hamna, og eg måtte snusa inn sjølufta. På butikken kjøpte eg alltid litt meir enn det som stod på handlelista, som eg tok med tilbake til Oslo. Fordi eg visste at det var viktig å få opp omsetninga. Eg kjøpte symaskinnåler, stoppenåler, hårstrikk, te, postkort og sokkar.

No når eg møter folk på vegen, seier alle kor trist det er at butikken er vekke. Og ja, det er trist. Ein butikk er ikkje berre ein butikk. Det er eit sosialt møtepunkt, det bind folka på staden saman. Utan butikk kjem det heller ikkje båtturistar hit lenger, heller, og det blir mindre liv og røre. Og det er i alle fall ikkje attraktivt å busetja seg på ein plass der butikken er vekke.

Eg ser kor utruleg viktig det er å stø opp om den lokale butikken sin. Ikkje berre i bygder, men i byar også. Der vi bur i Oslo, er det ein Rimi-butikk 2 minutt unna. Det er ikkje ein kjempestor butikk, men han har det aller meste vi treng. Og det er ikkje akkurat sjeldan vi har spurta bort 1 minutt før stengetid for å kjøpa noko vi har gløymt. Det er ein stor Meny 10 minutt unna. Alltid når eg er der, passar eg på å kjøpa det dei ikkje har på Rimi. Og så handlar eg resten på Rimi. Fordi eg elskar nærbutikken min. Og vil at han skal leva.

2. juli er den nasjonale "Hugs å handla heime-dagen". Eg vil oppmoda alle om å bli meir medvitne om å handla heime i staden for å kjøpa alt ein treng på ein større butikk som uansett vil overleva. Les meir om kampanjen her! Der kan du også skriva under på at du lovar å handla heime.





2 kommentarer:

Kjell Yndestad sa...

Flott innlegg ! Bur sjølv i ei lita bygd der vi kjempar for å behalde det vesle vi har att her; butikk, skule og barnehage, viktige ting for å få folk til å busette seg her og halde liv i bygda. Synd at ikkje fleire ser verdien av slike små bygdesamfunn og kvalitetane vi har her.

Ragnhild sa...

Ja, butikk, skule og barnehage er viktig i ei lita bygd. Synd at ein må bruka så mykje energi på å kjempa for det overfor krefter som vil leggja ned. Eg trur ikkje dei har vokse opp på ein liten plass sjølve ...