2. mai 2011

Tips til garnoppbevaring?

Til no har eg oppbevart garnet mitt i korger rundt omkring i kåken, men det har blitt litt vanskeleg etter kvart:
Dette biletet blei teke i mars, og ein månad seinare er det blitt heilt vilt, for no kan guten både krabba og stå, så ikkje noko får vera i fred, verken av garn eller andre saker og ting han kan riva ut. Så: Er det nokon som har tips til barnevennleg garnoppbevaring? Finst det geniale korger med lokk eg kan få tak i, eller er det reolar/hyller som er den beste løysinga? Eg tek i mot alle slags tips og triks!

6 kommentarer:

Torunn sa...

Hehe...herleg liten krabat. ;) Det fins kassar med lok på hos Ikea t.d. Eg sjølv har ei hylle frå IKEA med korger i, sortert etter sjalgar, sokkegarn, alpakkagarn, bomullsgarn osv., og så står hylla på eit eige hobbyrom der eg kan lukke døra. No er det ikkje barn her i huset, men me har ein katt som likar garn...

Linda sa...

Kjøp deg gjennomsiktige plast kassar med lok på jysk. Og sorter dei etter typar garn eller liknande. Eg har mange kassar med lok oppe på syrommet. Nede i stova ved strikkekroken har eg ei korg. Pluss litt til:)

Mette sa...

Einaste trøysta er at det går over.... Eller så må ein rett og slett pakka det bort ja. Eg var meir redd for pinnane så dei hamna i etui. Besta i etasjen under har firkanta korger i litt ymse fletta variantar og farger som står oppe i bokhylla.

LivM sa...

Jeg kjøpte en skuffeseksjon på IKEA ( har nå to) som har 3 skuffer, og den går akkurat under skrivebordet. Du kan se den her
http://www.flickr.com/photos/livm/3807515694/in/photostream

Stubbetufsa sa...

De har plastkurver med lokk også på Rema 1000, er du heldig, er de gjennomsiktige, så du ser hva som er inni. Lokkene stenges med ei klemme som lillegutt ikke klarer å få opp!

Ragnhild sa...

Takk for tips! Eg drøymer sjølvsagt om eit stort hus med eige hobbyrom, med hyller frå golv til tak fulle av garn og stoff, men det blir ikkje med det aller første:-)