6. mai 2011

Tabbestrikk

Ha-ha, eg sat og såg gjennom gamle bilete på macen, og måtte le då eg fann dette biletet frå september:
Oppskrifta er frå Strikk til nøstebarn og i storleik 0–1 år (han var to månader på dette biletet).

Det er mogleg poden ser veldig søt ut der han ligg, altså, men makan til upraktisk selebukse med merkeleg passform skal ein leita lenge etter. Eg strikka buksa i februar i fjor og tenkte at det var fint at ho var så baggy. Jauda, ho var god og vid i føtene. Det eg ikkje visste, var at føtene var alt for korte og selane alt for lange + at dei kom til å gli ned heile tida. (Kva skal ein liten baby med selar, eigentleg?) Og den gule ribbestrikken var alt for vid. Tryggve hadde på seg buksa ein gong, og det var då eg tok dette biletet. Eg brukte kjempelang tid på å strikka buksa også.
Tabbestrikk!

Eg har strikka mange plagg som blei alt for små for poden (han er stor for alderen), men eg kan ikkje tru at det var strikkinga mi som var problemet her? Er det andre som har strikka buksa med god erfaring? Eller er det rett og slett ei tabbeoppskrift?

3 kommentarer:

BenteOO sa...

Kva om du kryssar selane, då ramlar dei ikkje av heile tida...

Gagn sa...

Eg har strikka denne buksa! Tok ei stund før eg kjende ho att, for eg strikka mi einsfarga raud. Eg synes du valde fin fargekombinasjon!
Eg vart faktisk ganske nøgd med buksa til guten min. Raudfargen + at eg brukte kofteknappar gjorde at ho fekk eit slags bunadspreg. Selane strikka eg óg lange, men eg festa knappane ikkje heilt nederst (slik at eg evt. kunne flytta dei når han vaks til). I byrjinga hadde eg selane kryssa slik at dei vart kortare.

Når det gjeld lenga på buksa, huskar eg ikkje om eg gjorde noko spesielt. Men som regel (på alt eg strikkar), legg eg gjerne til et par cm på lengda (på armar og føter - feks på ribbekanten). Dette er bare fordi eg er "kronisk" redd for at plagget ikkje skal passa (+ at eg vil at det skal var litt lengre).

No er guten min 7 månader, og det er ei stund sidan han har hatt på seg buksa. Tippar at ho ikkje passar heilt fram til han er eit år. Tenkjer at det skall litt til at ei bukse kan vare frå 0-1 år. Det er jo ein del kilo i forskjell på ein ettåring i forhold til fødselsvekta.

Eg trur at buska di har potensial (for ho ser ikkje så ulik ut frå den eg har strikka). Det einaste eg ser, er at selane såg litt lange ut. Brett ned ribbekanten nederst på buksa, og prøv igjen!

Ragnhild sa...

Aha, kryssing av selane var jo eit heitt tips! Kvifor kom eg ikkje på det da. Hm ... Eg legg aldri til ekstra lengde når eg strikkar, for eg strikkar så laust;-) Men denne buksa tykte eg blei lita, uansett. Kan elles sjå føre meg at buksa er kul som bunad/festdrakt!